Hyrox: Anette nummer to i Riga
Postet av Atle Jomar Hole den 31. mai 2026
2.plass i klasse 40-44 saman med Johannes Handle Jensen.
Anette Heimli Jokstad sin faste makker (og sambuar), Nikolai Handle Jensen, er diverre skada for tida. Men han har «lånt ut» broren, Johannes Handle Jensen som makker for Anette. Denne helga deltok dei i eit stort arrangement i Riga. Der vart det 2.plass i klasse 40-44 på tida 1.00.03
Anette skriv:
- 2.plass under Hyrox Riga. Bak pers, men fleire positive ting til VM…+ meir å gå på løpsmessig.
Logg inn for å skrive en kommentar.