Løpevenner

Postet av Atle Jomar Hole den 1. jun 2026

 

Jan Ketil Vinnes (58) og Janne Elin Vatnaland (35) er løpevenner.

 

Jan Ketil Vinnes er frå Ålesund, bur i Ålesund, og representerer Velledalen IL. Janne Elin Vatnaland er innflyttar til Ålesund og representerer, Spirit FIK, storklubb for Stavanger med omland.

 

Jan Ketil i klasse M 55-59 og Janne Elin i K 35-39, held nokså nær same nivå. Det skal vi i denne saka dokumentere med tre løp henta frå mai 2026. Og vi startar med:

KONRADLØPET, VELLEDALEN, 1.MAI:

Her vann Janne Elin kvinneklassa på 16.19. Ny løyperekord for kvinner. Ho kunne ganske sikkert sprunge raskare hadde det ikkje vore for eit maraton berre kring veka i førevegen. Jan Ketil fekk skalpen til Janne Elin i Konradløpet med tida 15.51, fjerdeplass totalt.

 

HALVMARATON, VARTDAL, 23.MAI:

Vi gjer eit hopp på drygt tre veker. Duellantane er på Vartdal, og kjempar ein jamn kamp. Arrangøren sine passeringstider etter 20,2 km (ca 900meter føre mål), viser at Jan Ketil har 4.06 sekund på Janne Elin. Kring 250 meter før mål er avstanden om lag den same, og Velledalen IL sin mann på staden ropar til Jan Ketil:

  • Pass deg – viss ikkje kjem ho og tek deg!

Jan Ketil beit tennene saman og auka farta. Men i kraft av meir ungdommeleg snert i stega seig Janne Elin innpå. Arrangøren klokka dei inn til same tid. Sterke 1.23.00.

 

SØRESTRANDMILA, 3 KM, STRAUMGJERDE, 30.MAI:

På mai sin nest siste dag var det ny duell. På 3 km, under perfekte forhold. Nærast for sprint å rekne for to garva distanseløparar. Underteikna stod kring 500 meter før mål. Og der kom dei side om side. Smilande. Ingen teikn til « taktikkeri» med omsyn til ein føreståande spurt. Ingen som nekta å dra. Fred, styrke og visdom prega dei. Tidtakinga til Susan (EQ-timing) fortalde at tida vart 10.24 på Janne Elin og 10.25 på Jan Ketil.

 

LØPEVENNER

Dei tre  omtala løpa enda altså med ein siger til kvar av dei, og ein uavgjort. Samla distanse på dei tre løpa: 28,4 km. Jan Ketil har brukt 1.49.16, mot Janne Elin sine 1.49.43. Og avstanden mellom dei hadde vore mindre om ikkje ei kraftprøve sat litt i beina på Janne Elin under Konradløpet. Men avstandar spelar inga rolle. For Jan Ketil(58) og Janne Elin(35) er løpevenner. På tvers av kjønn og alder. Løpevenner som unner kvarandre alt det beste. Løpevenner som alltid er der,  medgang eller motgang gjer ingen skilnad.

 

Finn deg ein løpevenn du også!

 

Atle Hole


Logg inn for å skrive en kommentar.