6.juni 2026: Blir historisk dag i Velledalen IL
Postet av Atle Jomar Hole den 3. jun 2026
Arkivfoto frå 2024
Aldri tidlegare har laget hatt tre utøvarar i same heilmaratonfelt.
6.juni 2026 vert Malin Berge, Eldar Sindre Valkvæ og Hilmar Kråkenes historiske i Velledalen IL. Aldri tidlegare har nemleg laget mønstra tre utøvarar i same heilmaraton. Men 6.juni skjer nettopp dette i Ålesund – om alt går etter planen. Og ein skal ikkje sjå heilt bort frå at det kan dukke opp ein «slengjar» til, slik at vi vert fire.
Litt om kvar av dei:
MALIN BERGE K (35-39):
Fersk som maraton-løpar. Debuterte på distansen i Jølster (juli 2025) med tida 3.36.33. Eit knapt halvår seinare mønstra ho på under Nyttårsmaraton i Ålesund, der ho noterte fine 3.25.31. Som er klubbrekord for Velledalen IL. Om målet for løpet skriv ho dette til nettsida:
- Dette kan gå begge vega, men eg må velje å ikkje ha noko mål, grunna lite trening og diverse andre omstende siste tida. Det blir nok inga supertid, men eg skal i alle fall fullføre. Og eg skal prøve fullføre side om side med Eldar.
Og der kom ei viktig opplysning. Ho vil ta sitt tredje heilmaraton i parløp med Eldar Sindre Valkvæ.
ELDAR SINDRE VALKVÆ (M 65-69):
Har persen sin på distansen frå Holmestrand i 2023, der han gjorde 3.28.23. I Valencia var han i desember 2024 på veg mot noko større:
- Eg vart klokka inn på 3.21.24, men løpet blei ikkje godkjent. Det var for kort. Klokka mi viste 41,78, men dei snakka om at det var 500-600 meter for kort. Personleg trur eg slutt-tida ville blitt under 3.24 ved rette mål. Snittfarta mi var 4.49 per kilometer.
Eldar har vist knallform tidlegare i sesongen, og har alt sett ein kraftig personleg rekord på halvmaraton:
- Ja, kondisjonen er veldig bra, så bra at den åleine kunne gitt ny pers. Men er veldig spent på siste runde…..og musklar og bein. Eg vil vere fornøgd om eg kjem under 3.30, men håper på 3.20.
HILMAR KRÅKENES (M 45-49):
Den mest rutinerte heilmaraton-løparen av dei tre. Har siste åra spesialisert seg på sluttider under tre timar. Oftast på 2.50-talet. Bestetida hans på distansen i 2025 var 2.54.30, nettopp i Ålesund i juni 25. Men det skal leggjast til at Hilmar i fjor satsa på ultra-trail og backyard-løp. Persen hans er 2.48.44 frå 2024. Og han kjem til Ålesund laurdag 6.juni med ein ballast på 91 km laurdagen før, som han la bak seg under hans eige løp til støtte for Psykisk Helse (og som alle kan støtte fram til 7.juni):
- Min plan er å kome under tre timar. Det trur eg skal gå fint. Kor langt eg kjem ned på 2.50-talet, eller luktar på førti-talet, får eg berre ta som det kjem. Viktigaste er at eg får meg ei god økt. Det har vore nokre kilometer i beina i mai, og eg er ikkje godt nok restituert til å ta det heilt ut.
Nettsida oppfordrar alle sympatisørar av klubben til å møte fram og heie maratonløparane våre fram gjennom gatene i Ålesund
Logg inn for å skrive en kommentar.