Ålesund Maraton: Malin tangerte klubbrekorden

Postet av Atle Jomar Hole den 6. jun 2026

Ein skulle ikkje tru det var mogleg, men det enda på 3.25.31 for andre gong av tre forsøk.

 

Malin Berge var usikker på eiga form før start klokka 09.45. Historikken hennar på distansen var ganske så kort. To løp. Begge i 2025. 3.36.33 i Jølster og 3.25.31 under Ålesund Nyttårsmaraton i desember. Malin hadde selskap av sterke Eldar Sindre Valkvæ under store deler av dagens løp. Og vi kan sjå føre oss at det var litt surt at tidtakinga stogga på 3.25.31, nøyaktig same tid som for eit halvt år sidan i same by, men i ei anna løype. Dermed vart det tangering av personleg rekord og tangering av Velledalen IL sin klubbrekord.

 

Viktige maratontider:

  1. Frode Tjelta, Sandnes IL, 2.43.15
  2. Tor Erling Aasprang, NTNUI Ålesund, 2.54.25
  3. Eivind Hagen, Vard, 2.56.13

6.  Pauline van Donkelar, Frankrike, 3.02.56 (beste kvinne)

14. Malin Berge, Velledalen IL, 3.25.31 (nest beste kvinne, klassevinnar K 35-39)

19. Eldar Sindre Valkvæ, Velledalen IL, 3.32.34 (klassevinnar M 65-69)

35. Maria Fet, Ørsta IL, 4.12.40 (tredje beste kvinne og klassevinnar i K 45-49).

 

Så tek vi med at Hilmar Kråkenes braut etter 32 km. Fram til han braut låg han i eit felt, stort sett på fire mann, som kjempa om totalplassering frå 3.plass og bakover. Med i Hilmar sitt total-rekneskap, ligg at han for sju dagar sidan sprang 91 km i samband med hans eige løp for psykisk helse. Sett på den bakgrunn gjorde Hilmar ein glitrande prestasjon i Ålesund. No må det restituerast!

 

Maria Fet er velledalsjente med opphav frå idrettsgrenda Fet i Velledalen. No bur ho i Ørsta, og spring for Ørsta IL. Ho deltok i same løype i 2025, då ho gjorde 4.18.14. Denne gongen pressa ho tida ned med kring fem og eit halvt minutt, og vart klassevinnar i K 45-49. Ho opna kontrollert med 53.plass på fyrste meldestasjon. Deretter gjekk det berre oppover, og ho enda som nummer 35 totalt i mål. Godt levert!


Logg inn for å skrive en kommentar.