Ålesund Maraton: Framgang…..men langt att
Postet av Atle Jomar Hole den 10. jun 2026
Store og små byar i kongeriket Noreg køyrer eit ganske likt løpskonsept. Ikkje alle lukkast like godt.
Nettsida til Velledalen IL har for moro skuld samanlikna løpskonsepta i Ålesund (kring 60 000 innbyggjarar) og småbyen Farsund (kring 10 000 innbyggjarar)
Farsund hadde sitt arrangement 30.mai, Ålesund 6.juni – altså ei veke mellom.
Begge stadar var konseptet: Barneløp, 5 km, 10 km, halvmaraton og heilmaraton + stafett. I alle tala vi opererer med, dreier det seg om fullførande deltakarar.
BARNELØP:
Ålesund : 172 fullførande
Farsund: 240 fullførande
Her burde Ålesund ha mykje å hente. Altså svakare enn Farsund, trass seks gonger så mange innbyggjarar.
5 KM:
Ålesund: 421 fullførande
Farsund: 191 fullførande
10 KM:
Ålesund: 487 fullførande
Farsund: 128 fullførande
Her er «beste distanse» for Ålesund. Oppe i kring 3,7 gonger så mange deltakarar som Farsund. Men etter folketalet burde det vore seks gonger så mange.
HALVMARATON:
Ålesund: 528 fullførande
Farsund: 333 fullførande
HEILMARATON:
Ålesund: 71 fullførande
Farsund: 71 fullførande
Rett og slett eit svakt tal for Ålesund, med seks gonger så mange innbyggjarar
STAFETT:
Den held vi utanom sidan det skilde ganske så mykje på etappane, men Ålesund hadde 30 fullførande lag, Farsund 19.
TOTALT FULLFØRANDE (Utanom stafett)
Ålesund: 1679
Farsund: 963
For å vere på same nivå som Farsund (vurdert etter folketal) skulle Ålesund hatt kring 5800 fullførande
HOPP TIL TROMSØ:
Ja, men dette er mykje lettare å få til for ein liten by enn ein stor, vil somme hevde… Tromsø har sin løpsdag 20.juni (Midnight Sun Marathon). Ti dagar før løpsstart kan ein sjå på EQ-timing at løpet i Tromsø har over 9600 påmelde. Altså vil dei garantert passere 10 000. Folketal: Tromsø ca 80 000, Ålesund ca 60 000.
Men miss ikkje motet, ein er trass alt på rett veg. Skal ein nå opp til dei beste må ein kanskje svelge nokre kamelar. Bussar og tog som skyssar turistar, har absolutt inga framtid i eit snirklete sentrum, inne i kjernen av ei konkurranseløype for løparar, der ein drøymer om å doble deltakartalet, ja kanskje til og med tredoble det. Vil dei styrande i Ålesund by at Ålesund Maraton skal vekse må ein ta grep, eller flytte det ut av sentrum. Så enkelt – eller vanskeleg – er det faktisk!
Logg inn for å skrive en kommentar.