Gladmelding: 78 000 kroner i spelemidlar o-kart
Postet av Atle Jomar Hole den 13. jun 2026

Velledalen IL, o-gruppa, har fått 78 000 kroner i spelemidlar til nytt o-kart for området Fjellsetra.
Gladmeldinga tikka inn til Velledalen IL si nettside fredag 12.juni, i form av ei melding frå kulturkontoret i Sykkylven, ved herr Halstein Kurseth. Der kunne ein lese desse gledelege orda:
- Då er saka i Kultur-og folkehelseutvalget vedtatt.
- Det vart kr 78 000 til nytt orienteringskart for Fjellsetra.
- Gratulerer!
Kurseth skriv vidare at Velledalen IL får tilsendt svarbrev frå Fylkeskommunen.
Ei svært gledeleg melding å få same helg som fleire av våre aktive er på ungdomssamling i Markane (tidlegare Sogn og Fjordane). Der skal dei hauste lærdom, dyrke det sosiale og delta i løp.
Logg inn for å skrive en kommentar.