Birkebeinerløpet: Meir «kjøt» på beinet frå Lillehammer
Postet av Atle Jomar Hole den 14. jun 2026

Der våre tre fullførande fekk plasseringane 2 - 26 og 28 i sine respektive klasser.
I denne artikkelen skal vi kome inn på fleire fakta frå løpa på Lillehammer i går der Velledalen IL var representerte. Mellom anna kor mange påmelde løpet hadde, og kor mange fullførande det var i VIL-utøvarane sine klasser.
BIRKEN, FJELLMARATON - KLASSE M 40-49:
VIL-DELTAKAR: SVERRE KJERPESET – TID: 4.33.44
Her kom Sverre på 26.plass av 50 fullførande i klassa. Han vart nummer 119 av totalt 231 menn
På STRAVA skriv Sverre:
- Fy og fy for ein prøvelse i dag. Regn frå start til mål, men veldig fornøgd med årets Birken-løp. Har ikkje løpt maraton sidan i fjor, så var veldig spent på førehand. Men heldigvis gjekk det berre godt.
Det høyrer med til soga at Sverre «svei av» 3883 kaloriar på turen (måleapparat på alt no til dags).
BIRKEBEINERLØPET – KLASSE M 55-59:
VIL-DELTAKAR: JAN KETIL VINNES -TID: 1.25.43
Sterk 2.plass til Jan Ketil av 207 fullførande i klassen – han var fattige sju sekund bak vinnaren. Elles vart Pål Ranes (Surnadal IL) nest best frå Møre og Romsdal med 19.plass på tida 1.35.50. Jan-Inge Sætre frå Ålesund vart nummer 139 på tida 2.09.07.
BIRKEBEINERLØPET – KLASSE M 60-64:
VIL-DELTAKAR: ROGER MALVIN HOLE – TID: 1.48.11
Fin 28.plass til Roger av 133 fullførande menn i klassa. Målet var å greie merkekravet, noko han gjorde med glans. Roger var beste sunnmøring i klassa, der Kjell Hollen frå Molde kom inn til tida 2.05.11 (nr 82) og Edvin Opstad, Molde, 2.11.07 (nr 93)
STERKE FRÅ ØRSTA/VOLDA:
Nokre sterke resultat frå området Ørsta/Volda:
M 70-74 – BIRKEBEINERLØPET:
- Arild Stokke, Ørsta IL, 1.45.44
5. Per Sigvald Hoggen, Volda T&IL, 1.57.57
M 45-49 – BIRKEBEINERLØPET:
4. Øystein Mårstøl, Ørsta IL, 1.24.00
6. Stian Nedrelid, Volda T&IL, 1.25.38
NB! Merk at tida til Jan Ketil i klasse M 55-59 hadde halde til 7.plass i M 45-49.
AUKE I PÅMELDINGANE:
Arrangøren melder dagen etter løpet at LøpeBirken 2026 hadde 9791 påmelde deltakarar, mot 9359 i 2025. Dei seier seg nøgde med ein oppgang på kring 5 prosent i eit år der vêrmeldingane kanskje skremde somme.
Ein ting er kor mange som var påmelde, noko anna er kor mange som starta/fullførte. Som eksempel her kan vi nemne eigen klubb. Velledalen IL hadde 5 påmelde, av desse starta/fullførte 3. Minst 1 av Stranda sine 2 påmelde, starta ikkje. Fråfallet er med andre ord ikkje lite, spesielt for dei som må reise langt, overnatte, med meir. Her ligg ein kostnad ved deltaking i denne type løp – den skal ein ikkje kimse av.
Logg inn for å skrive en kommentar.