20 juni: Sverre Gunnar stiller i maraton-NM
Postet av Atle Jomar Hole den 18. jun 2026
NM maraton er i år lagt inn under stormønstringa Midnight Sun Marathon i Tromsø
Det er ikkje kvart år Velledalen IL har nokon utøvar som stiller til start under NM maraton. I år skjer det. I Tromsø, under Midnight Sun Marathon. Som det så fint heiter, anten ein ser midnatt-sola eller ikkje. Løpet vert arrangert laurdag 20.juni med maratonstart klokka 20.30. 18.juni klokka 09.00 hadde stormønstringa 10 098 påmelde. 2246 av desse på distansen maraton. Det nyleg avvikla løpet i Ålesund hadde 71 fullførande på same distanse.
Sverre Gunnar Brunstad stiller i klasse M 55-59, der han er sisteårs-utøvar. Startfeltet i klassa:
Per Arne Larsen, Lofoten Løpeklubb
Egil Tronstad, Spydeberg IL
Odd Solvold, IL Runar
Kai Morten Martinsen, Moelven IL
Erling Santi Falch, Lofoten Løpeklubb
Sverre Gunnar Brunstad, Velledalen IL
Tom Dønnem, Tromsø Løpeklubb
Sigurd Eriksson, Trondheim og Omegn Sportsklubb (TOSK)
Nettsida har vore inne på «tidlegare resultat».
Som viser at klassa har fem potensielle topp-3 kandidatar. Det gjeld alle som kjem sørfrå (Tronstad, Solvold, Martinsen, Brunstad), i tillegg til Dønnem frå Tromsø. Sistnemnde vi ha ein viss heimebane-fordel. Av favorittane er Sverre Gunnar den einaste som er sisteårs, og har såleis ikkje alderen på lag med seg. I denne alderen er det aldri ein fordel å vere eldst i klassa. Av konkurrentane er Tronstad (55 år), Martinsen og Dønnem (56), Solvold (57), medan vår mann altså er 59 år.
Trøysta for Sverre Gunnar må bli at i 2027 vert han yngst i klasse M 60-64.
Velledalen IL ynskjer Sverre Gunnar frå Bøgarden på Brunstad masse lukke til med NM-løpet i Tromsø!
PS. Løyperekordhaldaren i Konradløpet, Ebrahim Abdulaziz, stiller i maraton NM for Strindheim IL i klasse M 45-49
Logg inn for å skrive en kommentar.