Fyr til Fyr: Klassesigrar til Constantin og Marita
Postet av Atle Jomar Hole den 20. jun 2026
Foto: Susan Gjerde
Og fine plasseringar til dei øvrige VIL-løparane
Fyrste kvinne ut av Velledalen IL sin tropp var Malin Skage. Alt klokka 07.00 var ho i gong, i mosjonsklasse MED tidtaking. Malin gjennomførte med stil – som ein viss VIL-løpar med etternamn Vestnes plar seie – og kom trygt inn mellom beste halvdelen av løparane i «Mosjon med tidtaking».
Klokka 08.00 vart det Constantin, Sverre, Ole Martin og Trond som la i veg i lengste løypa. Litt om den einskilde løpar:
Constantin Rust: Låg som nummer fire totalt på alle meldepostar, og som nummer 1 i klasse M 23-34. Sjølv om det røynde på mot slutten berga Constantin klassesigeren med ein margin på 57 sekund, og vi skal hugse at karane som slo han representerte kvalitetsklubbar som Romsdal Randonè, Lillehammer og Sandnes IL. Constantin beste sunnmøring i løpet.
Ole Martin Korsnes: Som vanleg veldisponert frå Ole Martin Korsnes. Opna med 31.plass på fyrste meldepost. Deretter: nr.30 – nr.32 – nr.30 – nr32 og nummer 29.mål. Sterkaste plassering under løpet altså ved målpassering. Klasse M 35-39 var som vanleg tøff, slik at det vart 9.plass i M 35-39 på Ole Martin.

Sverre Kjerpeset: Var det nokon som leid under dagens forhold var det Sverre. Men han beit godt frå seg, og kom trygt inn mellom beste halvdelen i løpet. 72.plass totalt på fyrste meldepost vart seinare til plasseringar kring nummer 80, men på siste strekke plukka og fleire og fekk ein heiderleg 75.plass totalt, og nummer 13 i klasse M 40-44.
Trond Bonesmo: Gjorde eit imponerande løp…. Lenge. Opna som nummer 119 på fyrste post. Vidare: 121.plass – 120.plass – 115.plass…. Men så kom eit fall på sleipa. Nettsida fekk fyrst melding om at Trong kom til å bryte, noko han ikkje gjorde. Men det rauk ein del plasseringar på slutten, men likevel; nummer 135 totalt og imponerande 2.plass i klasse M 55-59. Etter ei sluttid på 8.54.38 berga han andreplassen med ein margin på litt over minuttet!
RESULTAT, FYR TIL FYR lang løype, laurdag 20.juni – 239 påmelde:
1.Mads K Gjethammer, Romsdal Randonè, 4.36.17 (M 20-22)
2.Motren Eide Pedersen, Lillehammer, 4.39.07 (M 35-39)
3. Erik Vadla, Sandnes IL, 4.44.32 (M 35-39)
4. Constantin Rust, Velledalen IL, 5.01.02 (M 23-34)
5. Knut Øygard, Høyang IL, 5.01.59 (M 23-34)
6. Petter E. V. Røkke, IL Lauparen, 5.13.29 (M 23-34)
7. Espen Nilsen, Equinor BIL, 5.13.44 (M 45-49)
8. Marthe Kristoffersen, Lillehammer, 5.16.14 – (K 35-39), beste kvinne
9. Andreas Runde, Oslo, 5.27.28 (M 23-34)
10. Christian Brurås, Ørsta, 5.31.09 (M 40-44)
29. Ole Martin Korsnes, Velledalen IL, 6.15.28 (M 35-39)
75. Sverre Kjerpeset, Velledalen IL, 7.21.15 (M 40-44)
88. Tobias Gardien, Sykkylven, 7.38.04 (M 23-34)
135. Trond Bonesmo, Velledalen IL, 8.54.38 (M 55-59)
VIL løparane sine klassevise plasseringar:
M 23-34: 1.plass til Constantin Moses Rust
M 35-39: 9.plass til Ole Martin Korsnes
M 40-44: 13.plass til Sverre Kjerpeset
M 55-59: 2.plass til Trond Bonesmo
Kjem eiga sak om FYR til FYR halvmaraton.
Logg inn for å skrive en kommentar.