Resultat- og Strava-kommentarar frå Fosnavåg

Postet av Atle Jomar Hole den 21. jun 2026

 

Her kjem fullstendig resultatliste for klasse K 50-54 halvmaraton under Fyr til Fyr, pluss Strava-kommentarar.

 

Kva er halvmaraton under Fyr til Fyr? Jau, det er ein halvmaraton der mykje skjer ute i terrenget. Høgdemeter opp- og ned, i går gjørme og sleipt, som syg kreftene ut av kroppen, sakte men sikkert. For at folk skal forstå, legg vi ut resultatlista for K 50-54. Kvinner i sin beste alder. Som det går fram av lista har utøvarane ei snitt-tid på kring fem timar og 30 minutt. Ingen «walk in the park», med andre ord. Det er mykje å passe på med omsyn til næringsinntak, disponering av krefter, val av klede og skotøy, for at alt skal gå bra. Slik som med Marita. Ho løyvde krefter til siste strekket, susa forbi 11 andre utøvarar, og henta inn over fem minutt på hardaste konkurrent berre frå Runde – og vart klassevinnar.

Vi har ikkje snakka med Kjetil Rekdal om temaet, men vil tru han er klar på at dette er disponering i verdsklasse!

 

RESULTATLISTE, FYR TIL FYR HALVMARATON, KLASSE K 50-54, LAURDAG 20.JUNI:

  1. Marita B. Andreassen, Velledalen IL, 4.10.03
  2. Berit Kolltveit, Vik IL, 4.10.45
  3. Anniken E. Boyer, Hosle, 4.28.25
  4. Saskia Wiik, Haslum, 4.31.40
  5. Lena Løvik, Oslo, 4.55.53
  6. Siren Pettersen, Oslo, 4.58.30
  7. Kari E. Wollebæk, 5.05.50
  8. May Cecilie Lien, Holse, 5.37.07
  9. Kaja B. Furuseth, Tåsentraverne, 5.44.44
  10. Elina Hartikainen, Finland, 5.48.57
  11. Veronica Moe, Norge, 6.03.44
  12. Yvonne Heemskerk, Nederland, 6.27.27
  13. Ragna Skjåkødegård, Nittedal, 7.28.20

 

Strava-kommentarar til Velledalen IL sine utøvarar på distansen Fyr til Fyr, halvmaraton:

 

Jone Schmidt Breivik (nr 3 i M 15-17) var kortfatta denne gongen:

  • Ditta va tungt!

 

Frank Andersen (nr 10 i M 35-39) stiller eit spørsmål:

  • Gjørmefest i dag. Kjekt med 21 minutt pers frå 2024. Hadde litt småtrøbbel i leggen på hardt underlag. Fekk migrene opp Rundefjellet, så gjekk for det meste her. Men det var kjekt, alt i alt… Mykje spreke folk, og folk med full distanse i dag kallar eg maskiner… Kva et desse til frukost?

 

Marita Bjørkelid Andreassen (nr 1 i K 50-54) er nøktern:

  • Starta rolegare i år. Fin flyt og fine bein. Men sleipt og glatt både oppover og nedover, blir litt for pysete. Men fornøgd i dag – offisiell tid: 4.10. Mykje folk og fine rammer tundt løpet.

 

Per Inge Bjørnestad (M 55-59) DNS


Logg inn for å skrive en kommentar.