Orientering: Fin avslutning på o-festivalen
Postet av Atle Jomar Hole den 21. jun 2026
O-festivalen i regi av Freidig vart avslutta med langdistanse i dag
Tre utøvarar frå Velledalen IL fekk med seg tre fine dagar med o-løp i Trøndelag. Alle med mellom 1200-1500 deltakarar. Her kjem ei kort oppsummering av siste løpet, sundag 21.juni:
Anette Tenden Schjelderup:
Deltok i: N2-open 9-16, 2660 meter – 10 startande
Her storma Anette inn til tida 33.18. I denne klassa kan ein ikkje setje på trykk rangerte resultatlister, men vi kan røpe at Anette hamna midt på treet. Flott innsats av Anette i o-dagar Nettsida håper gav meirsmak.
Iben Olin Lervåg:
Deltok i: D 11-12, 2370 meter – 36 startande
Iben vart nummer 15 på tida 23.27. Fin orientering i store deler av løpet. Låg som nummer åtte i klassa om lag halvvegs. Litt bom mot slutten av løpet gjorde at ho enda som nummer 15, men altså trygt på beste halvdel av resultatlista
Pernille Ibsen Lervåg:
Deltok i: AK-open, 2940 meter – 73 startande
I denne klassa stiller både kvinner og menn. Pernille kom i mål til sterk 9.plass på tida 36.10. Som tredje beste kvinne. Stødig orientering av Pernille, der strekk-tidene viser at ho hadde sin einaste bom inn mot post 9. Utan den hadde ho blitt beste kvinne i løpet.
Takk til jentetrioen som har profilert Velledalen IL på beste måte under o-festivalen i regi av Freidig!
Logg inn for å skrive en kommentar.