Ungdomssamling Fjord-O i Sogndal 1.- 5.juli
Postet av Atle Jomar Hole den 30. jun 2026

Mikkel og Sigurd er der som deltakarar, Pernille som leiar.
I morgon, onsdag 1.juli, startar ungdomssamlinga i samband med Fjord-O i Sogndal. Deltakinga frå dei ulike klubbane er slik:
7 deltakarar: Sogndal IL
6 deltakarar: Førde IL
4 deltakarar: Emblem IL
2 deltakarar: Askvoll IL
2 deltakarar: Velledalen IL – Mikkel Ibsen Lervåg og Sigurd Linga
1 deltakar: Markane IL
Altså 22 deltakarar. I tillegg er der med fire leiarar, mellom desse er Pernille Ibsen Lervåg frå Velledalen IL. Medrekna «maskoten», Johannes Åsnes Fristad, deltek 27 personar på ungdoms-samlinga.
Fyrste løpet under Fjord-O 2026, vert arrangert onsdag 1.juli. Det er sprint, med finfine 707 påmelde. Velledalen IL sine deltakarar vert Pernille Ibsen Lervåg, Mikkel Ibsen Lervåg og Sigurd Linga.
Nettsida kryssar fingrane for ei god samling og flotte o-løp under Fjord-O i Sogndal dei neste dagane!
Logg inn for å skrive en kommentar.