10 km Jølster: Årsbeste og 3.plass i M 50-54 til Frode

Postet av Atle Jomar Hole den 4. jul 2026

 

Frode Mauren nummer 35 av 260 fullførande på 10 km. Nummer tre i M 50-54.

Høgt nivå på 10 km i Jølster. Tre mann på 32.02 eller betre, er ikkje kvardagskost i lokale løp. Frode Mauren leverte årsbeste, og kom inn på 35.plass av 260 fullførande på distansen. Og i klasse M 50-54, kneip han ein særs sterk 3.plass.

 

Resultat 10 km Jølster, laurdag 4.juli 2026 – 260 fullførande

1. Ådne T Skjoldal, Varegg, 31.56 (M 20-22)

2. Halfdan-Emil Færø, Førde IL 32.00 (M 35-39)

3. Bjørn Rusten Lundberg, Varegg, 32.02 (M 23-34)

8. Anine Dyrdal, Varegg, 33.31 (K 23-34) – beste kvinne

35. Frode Mauren, Velledalen IL, 38.52 (M 50-54)

 

Resultat 10 km klasse M 50-54 – 12 fullførande:

  1. Rune Opem, IL Dalebrand, 32.08
  2. Vidar Oen, Opptur Løpeklubb, 38.21
  3. Frode Mauren, Velledalen IL, 38.52
  4. Gisle Skjølberg, Bremanger Motbakkelag, 39.15
  5. Stig Svalheim, Sandane, 40.16
  6. Knut Andreassen, ASK Friidrett, 41.00
  7. Tor Egil Furevikstrand, Holmedal, 45.58
  8. Ole Petter Novsett, Nesbru, 49.47

 

Frode Mauren har grunn til å vere stornøgd med løpet. Bestetida hans på 10 km tidlegare i 2026 var 40.18, sett under siste løpet av Vinterkarusellen i Ålesund. I dag fleska han til med finfine 38.52. Det vert ein god sundag for Frode i morgon!


Logg inn for å skrive en kommentar.