Hornindal Rundt 75 km: Tøff kamp av Kjell Magnar
Postet av Atle Jomar Hole den 4. jul 2026
Var i teten, sprang feil og var brått 20 minutt bak, kjempa seg tilbake før han måtte gi seg.
Passeringane viser at Kjell Magnar opna godt. Starten gjekk 07.00, og det er vel rett i seie at forholda var vanskelege i dei honndalske fjella denne dagen. Men ved passering Storsetra etter drygt to og ein halv time, hadde Kjell Magnar i overkant av tre minutt på nummer to, i overkant av 12 minutt på nummer tre og knappe 18 minutt på nummer fire. Men på neste meldestasjon, Honndalssetra, var brått Kjell Magnar 20 minutt bak mannen i tet, Ole Erik Holsbøvåg. Eller for å vere heilt nøyaktig, 20 minutt og 7 sekund:
- Han har sprunge feil, og falle ned frå 1.plass til 5.plass kunne innpiskar/sekundant/ hjelpesmann Eldar Kurseth melde.
Ut frå mat/utstyrs-stasjon ved Horndøla Bru var Kjell Magnar rask og knappa ned på førespranget. Han passerte ein svenske som brukte lenger tid på «pit-stoppet» og forlet Horndøla 13 minutt og 41 sekund bak mannen i tet. Og no var «Berlien» verkeleg på offensiven igjen. Ved passering Sandgrova hadde han passert to mann, og var fattige to minutt og 34 sekund bak leiaren som framleis var Holsbøvåg.
Men timen seinare ut i løpet, ved Holskarsætra, var stoda slik:
- Helgesen 7.12.05
- Holsbøvåg 7.12.48
- Nesgård 7.14.25
- Kjell Magnar Berli 7.41.05
Og utan at Nettsida veit kva som eigentleg skjedde, møtte ikkje vår mann på fleire meldepostar.
Sluttresultat vart slik mellom dei tre beste i mål:
- Håvard Helgesen, Måndag IK, 10.41.20
- Mathias Nesgård, Fjellhug/Vereide 10.45.41
- Ole Erik Holsbøvåg, Holmemstranda IL, 11.05.24
I skrivande stund har nær 50 prosent av dei påmelde fått DNS, eller som Kjell Magnar, DNF bak namna sine. Eit prov på at det var særs krevjande i Hornindal i dag. Men kampen du kjempa Kjell Magnar, den var djerv, og den skal du vere stolt av!
Logg inn for å skrive en kommentar.