JØLSTER 26: Klassevise plasseringar for VIL sine løparar.
Postet av Atle Jomar Hole den 5. jul 2026
I går kom det på trykk at alle VIL-løparane på halvmaraton kom mellom dei 180 beste av 521 fullførande.
Men kva heldt VIL-plasseringane til i dei respektive alders-klassene?
Her kjem ei oversikt:
SUSAN GJERDE:
Ei av få i klubben som har skjøna at farta ikkje er det viktigaste. Og at det gjeld alle løp, ikkje berre i Konradløpet. I Jølster fullførte ho 5 km med glans på 57 minutt, SAMSTUNDES som ho var: barnepassar for ein av løparane våre, fotograf for Velledalen IL og klubben sin «heiagjeng». Susan sprang IKKJE 5 km for eiga ære og plassering, men for Velledalen IL sitt beste. PRISVERDIG!
Og kva hadde dekninga frå Jølster på Velledalen IL si nettside vore utan Susan… Jau, vesentleg fattigare!
NILS TERJE SKYLSTAD:
Nummer 1 av 5 fullførande på 5 km i klasse M 65-69 på tida 22.27.
FRODE MAUREN:
Nummer 3 av 12 fullførande på 10 km i klasse M 50-54 på tida 38.52.
FRIDTJOF FREDRIKSEN:
Nummer 5 av 21 fullførande på halvmaraton klasse M 60-64 på tida 1.37.11.
PER INGE BJØRNESTAD:
Nummer 3 av 27 fullførande på halvmaraton i klasse M 55-59 på tida 1.25.24. Slegen av to bergensarar. 29 sekund frå klassesiger.
STIAN HOLE:
Nummer 3 av 24 fullførande på halvmaraton i klasse M 50-54 på tida 1.25.58. Personleg rekord med to minutt og 27 sekund.
KJETIL BJARTE SETTEMSDAL:
Nummer 12 av 34 fullførande på halvmaraton i klasse M 45-49 på tida 1.28.38. Debutant, som har meir inne. Fantastisk disponering.
MALIN BERGE:
Nummer 6 av 36 fullførande på halvmaraton i klasse K 35-39 på tida 1.33.39.
ANDREAS NAKKEN:
DNS – grunna sjukdom veka før løpet
Logg inn for å skrive en kommentar.