Velledalen IL rapport 1.halvår 2026
Postet av Atle Jomar Hole den 6. jul 2026
Her kan ein lese kor mange som har representert laget og målbare bestetider frå løpsfronten.
TAL UTØVARAR 1.HALVÅR 2026:
67 utøvarar har representert Velledalen IL i konkurransar arrangert av andre enn VIL
6 av desse er jenter under 20 år
8 av desse er gutar under 20 år
38 er vaksne menn
15 er vaksne kvinner
Hittil i år altså 53 vaksne og 14 under 20 år i konkurranse for VIL. Eldste som hittil har vore i aksjon er 71 år (Olav Brunstad), men Ivar Arne Flo (82) er påmeld i Hornindal i slutten av juli månad
IDRETTAR DET HAR VORE KONKURRERT I:
Langrenn – 12 frå VIL fullførte Birken i 2026
Skicross – her har tre unge gutar vore i aksjon
Orientering – greina med lågast snittalder – hittil har fleire born enn vaksne delteke
Landevegsløp
Baneløp
Fjelløp
Backyard Ultra
OCR hinderløp
Hyrox
TIDER I MÅLBARE LØP 1.HALVÅR 2026:
3000 METER BANE:
Menn: Constantin Rust, 8.57 (Bislett, Oslo, juni) – M 23-34
Kvinner: Ingen registrerte tider
3 KM LANDEVEG:
Menn: Jan Ketil Vinnes, 10.25 (Sørestrandmila, mai) – M 55-59
Kvinner: May Evy Nesheim, 12.29 (Sørestrandmila, mai) – K 50-54
5000 METER BANE:
Menn: Anders Westrheim, 16.01 (Bislett, Oslo, mai) – M 23-34
Kvinner: Anette Jokstad, 19.35 (Bislett, Oslo, februar) – K 35-39
5 KM LANDEVEG:
Menn: Anders Westrheim, 16.52 (Oslo, april) – M 23-34
Kvinner: Malin Berge, 19.26 (Vinterkarusell Ålesund, februar) – K 35-39
10 KM BANE:
Ingen tider registrert
10 KM LANDEVEG:
Menn: Constantin Rust, 31.00 (Drammen, april) – M 23-34
Kvinner: Marita B. Andreassen, 47.18 (Sørestrandmila, mai) – K 50-54
HALVMARATON:
Menn: Espen Utgård Sæther, 1.11.24 (Berlin, mars) – M 23-34
Kvinner: Malin Berge, 1.30.09 (Romsdal, april) – K 35-39
MARATON:
Menn: Sverre Gunnar Brunstad, 3.03.41 (Tromsø, juni) – M 55-59
Kvinner: Malin Berge, 3.25.31 (Ålesund, juni) – K 35-39
LITT SPESIELT:
Legg merke til at heile fire av utøvarane med bestetider i klubben i fyrste halvår er OVER 50 år. Sverre Gunnar Brunstad er til og med sisteårs i M 55-59. Jan Ketil i same klasse, og Marita Andreassen er sisteårs 50-54. Yngst av dei over 50 som går inn i ferien med bestetider er May Evy Nesheim. Men faktum er; for tida er Velledalen IL meir kjende for sterke veteranar enn sterke seniorar. Vi har begge deler, men veteranane er så mange fleire. Når sesongen er slutt kjem Kondis sine veteran-statistikkar til å aule av utøvarar frå Velledalen IL
KLUBBREKORDAR 1.HALVÅR 2026:
5 km landeveg: Malin Berge, 19.26 (Ålesund, 8.februar)
10 km landeveg: Constantin Rust, 31.00 (Drammen, 11.april)
Maraton: Malin Berge, 3.25.31 (Ålesund, juni) – tangering av eigen rekord
Logg inn for å skrive en kommentar.