To karar, eitt mål – og nesten eitt par sko
Postet av Atle Jomar Hole den 6. jul 2026

Les Per Inge Bjørnestad si skildring av «samløpet» med Stian Hole i Jølster!
Det finst mange måtar å leggje ein plan på. Stian hadde ein. Eg hadde... tja... ein slags plan inni haudet.
Stian hadde lenge sikta seg inn på 1.25 under Jølster Maraton. Eg tenkte at det kunne vere lurt å henge meg på. Det høyrest jo mykje enklare ut å la andre tenkje på farta.
Vi stilte til start på same distanse, og dei første kilometrane sprang vi så tett at vi i periodar nesten kunne ha greidd oss med eitt par sko. Det var berre å passe på at ingen av oss snubla – då hadde begge gått i bakken.
Stian hadde full kontroll på klokka undervegs. Eg derimot... eg ser helst på klokka når løpet er ferdig. Då slepp eg å bekymre meg undervegs. Det er ein strategi det òg.
Første 5 kilometer gjekk unna på 19.31. Til samanlikning brukte eg 19.49 i fjor. Etter 10 kilometer stod det 39.58 på klokka. I fjor passerte eg på nøyaktig 40.00. Så langt såg det lovande ut.
Vi bytte på å dra kvarandre, medan fleire sterke løparar kom sigande forbi. Som gode sunnmøringar tenkte vi: Då heng vi oss berre på! Nokre gongar gjekk det heilt fint... andre gongar oppdaga vi at dei hadde litt andre planar enn oss.

Ved 15 kilometer passerte vi på 1.00.04. I fjor var eg der på 1.00.34. Ved 17 kilometer viste klokka 1.08.00, akkurat same tid som i fjor – berre nokre sekund raskare.
Då byrja Stian dessverre å kjenne det litt frå 17 kilometer, og eg vart gåande... eller rettare sagt springande... åleine vidare.
Framfor meg såg eg ei lita gruppe. Etterpå viser resultatlista at der låg truleg nummer éin og to i mi klasse. Hadde nokon berre fortalt meg det der og då, hadde eg nok funne fram nokre ekstra gir eg ikkje visste eg hadde. Det er utruleg kor mykje krefter som kan dukke opp når ein luktar pallplass!
Men eg kjende meg overraskande pigg. Beina var lette, pusten var god, og humøret var minst like lett.
20 kilometer passerte eg på 1.20.27. I fjor var eg der på 1.21.24.
Til slutt stoppa klokka på 1.25.24.
Stian kjempa seg òg flott inn til mål på 1.25.58 – ein solid personleg rekord og endeleg under den magiske 1.26-grensa! Gratulerer!
Det vart ein skikkeleg duell, der vi drog kvarandre fram kilometer etter kilometer. Akkurat slike løp er dei kjekkaste.
Og ja... Stian kryp stadig nærare tida mi. Eg kjenner at eg kanskje må halde fram med treninga ei stund til. Takk for turen, Stian! Neste gong får vi sjå om vi klarer å dele på eitt par sko heilt til mål... eller om vi må nøye oss med å dele på drajobben.
Per
Logg inn for å skrive en kommentar.