Litt om fullføringsgraden i lange fjell-løp
Postet av Atle Jomar Hole den 7. jul 2026
Ikkje overraskande fell fullføringsgrada markert til tøffare løpet er.
Velledalen IL er så heldige at vi har fått to nye, unge fjell-løparar siste tida. Malin Skage debuterte under Fyr til Fyr 20.juni, Oskar Johan Bakken fekk debuten under Hornindal Rundt, 38 km, 4.juli. Malin starta i mosjon med tid (lengste løypa), men gjorde det så bra at ho slo mange titals konkurranseløparar. Like eins Oskar, som vart nummer 18 av 74 fullførande på distansen sin i Hornindal. Malin heldt på i 8.49.04, Oskar i 6.29.34. Alle kan lett skjøne at ein må vere både uthaldande og viljesterk under slike kraftprøver.
GJENNOMFØRINGSGRAD:
Men alle er ikkje det – uthaldande og viljesterke, altså. Vi har sett på nøkkeltala for tre løp. Her er dei:
FYR TIL FYR, KONKURRANSE,(Herøy kommune, arrangert 20.juni)
VINNARTID: 4.36.17 (Mads Kirkreit Gjethammer)
PÅMELDE: 239
DNS: 45
DNF: 11
FULLFØRANDE: 183
FULLFØRINGS-PROSENT: 76,5 (av påmelde).
HORNINDAL RUNDT, 38 KM (Volda kommune, arrangert 4.juli)
VINNARTID: 4.17.34 (Trym Dalset Lødøen)
PÅMELDE: 95
DNS: 13
DNF: 8
FULLFØRANDE: 74
FULLFØRINGS-PROSENT: 77,9 (av påmelde)
HORNINDAL RUNDT, 75 KM (Volda kommune, arrangert 4.juli)
VINNARTID: 10.41.20 (Håvard Helgesen)
PÅMELDE: 114
DNS: 31
DNF: 42
FULLFØRANDE: 41
FULLFØRINGS-PROSENT: 36 (av påmelde).
KOMMENTAR:
Tala er ikkje overraskande. Kortaste løpet har høgast fullførings-prosent. Lengste løpet lågast. Med dobla løypelengde og stor auke i tal høgdemeter, vert fullførings-prosenten kring halvert, viser det seg. Snart kjem Stranda Fjord Trail Festival (som det no heiter) med sin 95 km. I skrivande stund 50 påmelde til ein pris av 2400 kroner. Deltakartalet vil stige sidan det er ein dryg månad att. Men kva fullføringsprosent kan ein der vente….? Truleg ned mot 25-30. Altså 25-30 fullførande av 100 påmelde. Dette er løp for «sluggarar». Og dei finst, også lokalt:
Her er nokre kjende namn som er påmelde lengste distanse på Stranda:
Hermann Furland, Velledalen IL
Harald Ringdal, Velledalen IL/Drammen
Jahn-Egil Skotte, Sykkylven
Jon Hole-Drabløs, Telenor BIL
Ronny Ødegård, Stranda IL
Andreas Hammer, Stranda
PS. Heldigvis inneheld løps-festivalen på Stranda kortare alternativ. Der har for lengst alternativet over 25 km vunne deltakarane sin soleklare gunst. Har ein som mål å vere «tougher than the rest», som er arrangøren i Hornindal sitt slagord, skal ein passe seg. Lange løp som eit fåtal fullfører, vinn neppe denne bransjen – ikkje i lengda!
Logg inn for å skrive en kommentar.