Trimbingo i finevêr til Brunstadsætra
Postet av Atle Jomar Hole den 12. jul 2026
Fin sosial samling og godt frammøte
For mange opna fellesferien med eit «basketak» mot England i fotball-VM, og ein tur i nærområdet dagen derpå. Nærare bestemt som deltakarar under trimgruppa i Velledalen IL sin trimbingo til Brunstadsætra. Bingolappane var som vanleg spreidde langs spaser-ruta fram mot målet, denne gongen etter splitter ny, strøken veg.
Vel framme på sætra tok trimgruppeleiar, Bjørg Frøystad Hole, personleg imot og ynskte alle velkomne. For dei fleste var fyrste sjekk-post kontroll av bingo-lappar, og mange kunne legge ein liten premie i sekken. Dei aller fleste nytta høve til å kjøpe seg grillmat, eller eit kakestykke til snille prisar. Og som vanleg var dalens beste koke-kaffi-kokar, Per Henning Hole, på plass med kjelen. Kaffien var god og gratis, det same var safta.

Alt i alt eit svært vellukka arrangement, på ein vêrmessig perfekt dag, for tiltaket. Truleg tok kring 100 personar turen til Brunstadsætra denne dagen.
Rykta seier eit liknande arrangement vil finne stad på Myrdals-sætra i august månad
Logg inn for å skrive en kommentar.