Velledalen IL: ferietid betyr ikkje latmannsliv
Postet av Atle Jomar Hole den 14. jul 2026
Stor aktivitet på nær sagt alle frontar i ferien.
KOMANDE DAGANE:
Sist sundag arrangerte trimgruppa ei vellukka sosial samkome på Brunstadsætra med godt frammøte.
I dag spring Sverre Kjerpeset (og kanskje fleire) eit 3000 meter baneløp i samband med Molde Jazz.
I morgon går andre løpet i Ålesund Sommerkarusell av stabelen i Spjelkavik, ganske så sikkert med VIL-deltaking.
Laurdag 18.juli vert Mefjellet Opp arrangert av Valldal IL med start i Fjørå. Her er Ole Martin Korsnes påmeld.
Same dag vert «Norges Vakraste halvmaraton» arrangert på Smøla. Her stiller Alastair Brunton på halvmaraton frå VIL.
KLUBBGENSER:
Sommarvarme av betydning har vi hittil ikkje hatt. Men det er likevel i tidlegaste laget å byrja tenkje på jamleg bruk av strikka-genser. Likevel; komande tysdag vert eit utkast av klubbgenser for Velledalen IL lansert her på nettsida. Produktet er skapt og strikka lokalt. Om den vil slå an står att å sjå, men nettsida har trua.
TID FOR HELSINGAR:
Nettsida set pris på sommarhelsingar. Send inn, folkens (atlehole@online.no) – 917 43 761
Dei treng ikkje vere sportsleg relaterte… Det kan vere ein vakker stad du har besøkt, noko du har opplevd i ferien. Ja, innhaldet er ikkje det viktigaste.
PAR FRÅ KONGSBERG:
Sommarhelsinga i dag kjem frå Roger Vanebo og Elisabeth Hetlevik. Allsidig par som bur i Kongsberg, men har hytte i Ladalen. Begge spreke for alderen, der dei held seg i form med landevegsløp og orientering. Roger også med triathlon. Paret ser fram til å treffe ein stor flokk VIL-utøvarar under BMW Oslo Maraton og Hytteplanmila til hausten
Logg inn for å skrive en kommentar.