Mefjellet Opp: Ole Martin 26 sekund unna klassesiger
Postet av Atle Jomar Hole den 18. jul 2026
Arkivfoto: Ole Martin startnr.298
Løpet har tre strekk. Ole Martin best i to av dei, men opna i linnaste laget.
Velledalen IL sin einaste utøvar under Mefjellet Opp i dag var Ole Martin Korsnes. Han kom inn som nummer 42.totalt på tida 1.04.02. Men meir interessant var den knallharde duellen han kjempa om klassesigeren i M 35-39 mot Stein Otto Eretveit Sørensen frå Flekkerøy Løpeklubb.
Ved passering Hauge var det ingenting som tyda på at dette vart nokon duell. Her passerte nemleg sørlendingen på 23.27, mot Ole Martin sine 24.58. Vår mann var 1.31 bak. Men Ole Martin er kjend som dyktig på disponering, og i tråd med dette var tidene på strekket mellom Hauge og Nysætra slik:
Sørensen: 22.23
Korsnes: 21.47
Avstanden på 1.31 på fyrste strekket var redusert til 52 sekund etter at Ole Martin var 39 sekund raskare enn konkurrenten på strekk to.
Siste strekket går frå Nysætra til mål. Også her var Ole Martin best. Han tok inn kring halve forspranget, men enda 26 sekund bak denne gongen.
Dermed vart det slik i toppen av M 35-39, Mefjellet Opp, 2026:
- Stein Otto Eretveit Sørensen, Flekkerøy Løpeklubb, 1.03.36
- Ole Martin Korsnes, Velledalen IL, 1.04.02
Dei tre beste totalt:
- Jeppe Aaskov Pallesen, Danmark/Romsdal Randonè, 42.47
- Iver Synstnes Hole, Åndalsnes IF, 45.27
- Anders Haga, Isfjorden IL, 45.31
Beste sunnmøring: Jonas Hesthaug, Eidsdal IL, 46.29
Beste kvinne: Ida Waldal, Hommelvik IL 54.56
Logg inn for å skrive en kommentar.