Ferie er ikkje treningsfri
Postet av Atle Jomar Hole den 18. jul 2026

I dag har vi ei sommarhelsing frå Velledalen IL, avdeling Ålesund
Etter ønskje frå Malin Berge kalla Ludvig inn til ei treningsøkt. Med PartyBox og god musikk fekk vi ei fin sommarøkt i lag på Aksla stadion.
Vi var 7 deltakarar, og Frank tok turen over fjorden for å vere med. I tillegg hadde vi med Torbjørn Pilskog, som enno ikkje er medlem – men kanskje det berre er eit spørsmål om tid. 
Til saman sprang vi 12 400 meter i godt tempo og med godt humør.
God sommarhelsing frå VIL avdeling Ålesund!

Logg inn for å skrive en kommentar.