Orientering: Landsleiren (31.juli-5.august) nærmar seg
Postet av Atle Jomar Hole den 19. jul 2026
340 påmelde. Tre av dei representerer Velledalen IL.
O-landsleiren i orientering er i år lagt til Oslo. I forlengelsen av Norway Cup i fotball, som gjer at mange skal til Oslo likevel denne tida. Arrangøren, Nydalens SK, har i skrivande stund 340 påmelde til leiren. Frå Møre og Romsdal er fylgjande klubbar representerte:
Emblem IL med 9 påmelde
Molde og Omegn IF med 3 påmelde
Velledalen IL med 3 påmelde
Frå Velledalen IL deltek: Sofie Fløttum Fauske, Sigurd Ringdal Linga og Mikkel Ibsen Lervåg.
Vi tek også med at Adrian Edward Maximilian Ringdal (slekt i Sykkylven) representerer Haugesund IL.
Løpa under leiren vert kalla «Hovudløp» og er å rekne som eit ungdoms-NM, der dei beste frå heile landet stort sett er med:
Laurdag 1.aug: Hovudløp lang – 282 påmelde
Sundag 2.aug: Hovudløp sprint – 286 påmelde
Onsdag 5.aug: Kretsstafett
Vidare nemner vi at under langdistanseløpet spring Mikkel i klasse H 15, Sofie i klasse D14-16,kort og Sigurd i klasse H 14-16, kort.
Under sprinten spring Sofie i klasse D 15, Mikkel og Sigurd begge i klasse H 15.
Velledalen IL har aldri tidlegare hatt tre deltakarar på Landsleir i orientering, sjølv om soga i år er 120 år lang. Ei fin fjør i hatten til dei som har stått i bresjen!
Logg inn for å skrive en kommentar.