Den nye VIL-genseren fekk lufta seg
Postet av Atle Jomar Hole den 24. jul 2026
Kom gjerne med kommentarar/forslag til endringar.
Den nye VIL-gensaren fekk lufta seg på Fagrefjellet i Sykkylven torsdag 23.juli. «Fyrste-utgåva» er strikka i storleik S, med Ellen Marie Hole frå Osloavdelinga som modell på fotoet. Fargeval og design er Liv Nordli Hole sitt verk. Ho antydar at det kan bli småjusteringar, mellom anna at o-postane får ein meir oransje farge enn dei har i fyrste-utgåva.
Fargevalet i genseren er i tråd med det som har vorte rekna som Velledalen IL sine klubbfargar siste ti åra, med ein grøn hovudfarge. Motivet inneheld skog, fjell og aktivitet, i tillegg til at klubbnamnet har kome på.
For at dette skal bli ein offisiell klubbgenser må hovudstyret i Velledalen IL på bana, med godkjenning evt småjusteringar. Ein klubbgenser i jubileumsåret 2026, kan sjåast som eit steg i eit enno sterkare fellesskap.
Og som sagt; kom gjerne med synspunkt!

Logg inn for å skrive en kommentar.