Sommerhelsing frå 3 glade kara

Postet av Atle Jomar Hole den 25. jul 2026

 

Tre løpskara, tre syklar – og éin uforgløymeleg dag på to hjul på Rallarvegen.

Det heile starta med ein telefon.

Svein og Fritdjof hadde allereie bestemt seg. Torsdag 23. juli skulle Rallarvegen erobrast. Svein ringde meg berre for å få nokre tips, sidan eg hadde sykla turen før. Fem minutt seinare hadde eg invitert meg sjølv med.

Onsdag klokka 13.30 rulla vi ut frå Straumgjerde. Seks timar seinare parkerte vi campingvogna i Flåm – på den aller siste ledige plassen.

– Dette går på skinner, sa vi.

Det gjorde det......heilt til toget🚃 gjekk utan oss, torsdag morgon.

Tre optimistar stod grytidleg på stasjonen torsdag morgon i håp om å kapre tre restplassar på toget frå Flåm til Haugastøl. Men med ei cruiseskute 🛳ved kai og over 6000 passasjerar på land var sjansen omtrent som å vinne Lotto utan kupong.

Plan B blei raskt lansert. Buss for tog frå Flåm til Voss. Litt venting. Litt meir venting. Voss bakeri. Endå litt bakeri. Eg er ganske sikker på at Voss Bakeri budsjetterer med tre sunnmøringar neste sesong. Endeleg toget frå Voss til Haugastøl. Sykkelruta var då slik; Haugastøl-Finse-Myrdal-Vatnahals-Flåm.

Vel framme på Haugastøl (922 moh) stod syklane🚲 klare. Vi hadde ein solid plan. Ta det roleg. Nyte utsikta. Stoppe og ta bilete. Kose oss. Den planen overlevde omtrent tretti meter. Då vakna løparane i oss. Svein gjekk rett i front. Fritdjof la seg elegant på hjul. Eg fekk den viktige rolla som "kontrollbil" bakerst – den som passa på at ingen blei att. Eg måtte berre sykle alt eg kunne for å halde den stillinga... Etter kvart blei det innført rullesykling. Ingen fekk snike seg unna. Eg fekk liggje bakerst 😂. Tre løparar blir kanskje syklistar for ein dag, men konkurranseinstinktet tek aldri fri.

Svein var dagens sykkel-GPS, pulsklokke, vêrmelding og statistikkavdeling – alt i éin person. Kvart andre minutt kom rapporten: «No har vi sykla 19 kilometer", «Snittfarta" er...«Pulsen ser fin ut", «Vi har att 62 kilometer.» Eg er ganske sikker på at han også visste kor mange mygg vi hadde sykla forbi.

Folk seier naturen langs Rallarvegen er spektakulær. Det trur eg på. Vi såg mest motvind. Hardangervidda hadde tydelegvis sett på ei gigantisk vifte 🌬akkurat den dagen. Konstant motvind. Likevel gjekk praten i eitt. Historiene blei fortalde om att, i motvinden. Den same vitsen blei betre for kvar gong. Og kvar gong nokon sa: «No kjem det vel ei unnabakke", ...så dukka det opp endå ein motbakke.

På Finse, 1222 moh, smakte Polarbrød🥯 med skinkeost, mør, peanøtter og cola🥤 betre enn femstjerners restaurantmat. Det er fascinerande kor lite som skal til når vinden har prøvd å sykle deg baklengs i nesten tre mil.

Så bar det vidare opp mot 1343 høgdemeter. Rallarvegen sitt høgaste punkt. Litt regn ville også vere med på tur. På toppen kom jakker og hanskar fram. Sommaren på fjellet er tydelegvis berre eit forslag.

Så kom belønninga. Nedover ffrå Myrdal mot Vatnahals. Bratte svingar. Laus grus. Store glis. Og omtrent null bruk av brems. Eg har køyrt Ørnesvingane i Geiranger mange gonger. Etter denne nedkøyringa verkar dei nesten familievenlege.

Då asfalten endeleg dukka opp dei siste kilometrane mot Flåm, fann vi plutseleg nye krefter. Det må vere noko heilt magisk med kombinasjonen asfalt og tanken på pizza🍕.

Vel framme fekk vi sluttrapporten frå Svein;  Kilometer. Snittfart. Snittpuls. Høgdemeter. Siste kilometer. Siste fem kilometer. Eg ventar eigentleg berre på rapporten om lufttrykk, vindretning og kor mange pedaltråkk som gjekk med.

Status ved målgang? 81 kilometer. 4 timar og 50 minutt. Litt ømme føter. Litt sår bak. Og tre smil som var betydeleg breiare enn då vi starta.

Pizzaen på Flåms Bakeri forsvann raskare enn utforkøyringa frå Myrdal. Men det aller beste med turen var ikkje pizzaen:

Det var kameratskapet. Den gode tonen. Den evige fjasinga. Latteren. Historiene. Og den varme humoren som berre oppstår mellom gode kompisar. Den som heng litt etter, får høyre det. Den som kjem først, får høyre det òg. Ingen slepp unna.

På ein slik tur blir både verdsproblema og kvardagsproblema løyste – eller i alle fall utsette til etter pizzaen.

Det finaste med Rallarvegen er faktisk ikkje utsikta. Det er kven du opplever utsikta saman med.

Eg kjenner meg heldig som har slike vener. Vener som inviterer kvarandre med, stiller opp, ler av kvarandre – og minst like mykje av seg sjølve. Vener som klarer å gjere motvind om til medvind berre med ein god kommentar.

Tre karar drog ut på tur. Tre karar kom heim med litt sårare bakdel, litt tyngre lår og ei minnebok som blei mange sider rikare.

Takk for turen, Svein og Fritdjof. ❤️ 81 kilometer. Tre syklar. Tre gode kameratar. Og fleire latterkuler enn høgdemeter.

Neste gong vi seier: «Vi tek det heilt roleg», veit vi alle tre at det berre er den tradisjonelle opningsreplikken før konkurranseinstinktet tek over.

Per Inge Bjørnestad



Logg inn for å skrive en kommentar.