Hornindalvatnet Maraton: Hilmar imponerte stort!
Postet av Atle Jomar Hole den 25. jul 2026

Ivar Arne Flo (82) fullførte miniton med glans, Hilmar Kråkenes best av alle på maraton.
- Så gratulerer vi Hilmar Kråkenes frå Velledalen IL med sigeren på heilmaraton. Og vi ynskjer velkomen tilbake neste år, då vi også håper han tek med fleire frå klubben sin, som vi veit har mange dyktige løparar.
Slik helsa speaker ved Hornindal Idrettspark til Hilmar Kråkenes då han gjekk ut av stadion etter eit imponerande løp. I ganske så fin temperatur, ørlite regn, men inn i mellom ganske friske vindkast. Vind som saug krefter. Ved første «besøk» på stadion etter kring 2,2 km, hadde det danna seg ei tetgruppe på seks løparar. Deretter skulle løparane gjennom åtte rundar, kvar på 5 km. Ved passering nummer to hadde tetgruppa skrumpa til tre mann – Hilmar frå Måløy og Velledalen IL, mot to karar frå Hyllestad IL.
Hilmar sine rundetider på dei åtte rundane:
Runde 1: 21.20
Runde 2: 21.24
Runde 3: 21.05
Runde 4: 21.22
Runde 5: 21.00
Runde 6: 21.07
Runde 7: 21.37
Runde 8: 21.13.
På slutten av runde 4 kunne ein sjå at hardaste konkurrent, Stig Kongsvik frå Hyllestad IL, byrja slite litt med tempoet. Då pressa Hilmar ned til 21.00 på runde fem, og han var åleine i tet. Derifrå og inn var det eit sololøp på kontroll. Ein flott triumf for Hilmar som har kring 15 heilmaraton på CV-en, ein distanse han etter kvart reknar som «sprint». Det var å ta litt hardt i, men vi kan minnest tilbake til Svelvik, der han våren 2026 heldt på i 35 timar under eit «Backyard Ultra – last man standing». Også det eit fag han er ganske fersk i, sidan debuten fann stad hausten 2025.
Dei ti beste på heilmaraton i Hornindal:
- Hilmar Kråkenes, Velledalen IL, 2.59.28 (M 45-49)
- Stig Kongsvik, Hyllestad IL, 3.08.44 (M 40-44)
- Geir Nygård, Førde IL, 3.10.54 (M 55-59)
- Peter Viveen, Nederland, 3.15.47 (M 45–49)
- Åse Apelseth Skaare, Ørsta IL, 3.15.56 (K 35-39)
- Ove Wollf, Hyllestad IL, 3.22.18 (M 55-59)
- Angkaian Devananden, Serby IL, 3.28.58 (M 23-34)
- Oda Synnøve Riste, Volda Turn&IL, 3.33.16 (K 23-34)
- Slawomir Lesniak, Polen/Valldal, 3.44.02 (M 45-49)
- Anders Tøsse, IL Norodd, 3.55.20 (M 65-69)
Legg merke til maraton-debuten til Åse Apelseth Skaare frå Ørsta IL, hard konkurrent av Malin Berge på lange løp. Åse vart beste kvinne på den flotte debutanttida 3.15.56. Berre slegen av fire menn.
Logg inn for å skrive en kommentar.