Sommarhelsing frå Constantin
Postet av Atle Jomar Hole den 27. jul 2026
Velledalen IL representert i Zermatt. Matterhorn i bakgrunnen.
Nyleg kom det eit spørsmål frå det store utland – i ei helsing frå Constantin - om kva som var klubbrekorden til Velledalen IL på halvmaraton.
Svaret lydde slik:
- Den er det Espen Utgård Sæther som har på 1.09.16 (Malaga, Spania 23.mars 2025), sekundet raskare enn du sjølv sprang i Drammen, 6.september 2025.
Vidare skriv Constantin frå Zermatt:
- Blir eit forsøk på halvmaraton i Drammen 5. september og kanskje eitt i Valencia mot slutten av oktober. Hovudmålet er fortsatt under 31 minutt på mila. Prøver meg under «10 for Grete» og kanskje Hytteplanmila.
- Du droppar kanskje Stranda Fjord Trail Festival då i år, spør nettsida.
- Ja, trur nok det. Har ikkje følt meg særleg sprek i juli og fryktar for lite grunnlag for å konkurrere slik eg vil. Men er ikkje 100 prosent bestemt endå.
PS. Klubbrekorden på 10 km landeveg er den Constantin sjølv som har. Den lyder på 31.00
Logg inn for å skrive en kommentar.