VIL sin Oslo-agent har napp

Postet av Atle Jomar Hole den 4. aug 2026

Sterk løpar kan vere på veg til Velledalen IL


Alle seriøse fotball-klubbar på høgt nivå har agentar som jobbar med nye spelarar. Også Velledalen IL har slike  agentar., men felles for desse er at dei ikkje har høge honnorar i vente. Men det ligg sjølvsagt ei viss ære i å ha hanka inn ein god løpar. For i Velledalen IL er det løparar det dreier seg om.


I går, måndag 3.august, melde ein VIL-agent i Oslo om napp. Alle detaljar er langt frå klare, men det skal dreie seg om ein herreløpar i gunstig alder. Vedkomande har eit lett, og spenstig steg, han er spurtsterk, har gode personlege rekordar på alle distansar under 50 km, vert det meldt frå hovudstaden.


VIL-agenten fortel om relativt krevjande forhandingar etter at utøvaren har stilt visse krav om motytingar frå klubben, men at alt ser ut til å ordne seg. VIL-debuten vil truleg ikkje finne stad før i november - i Firenze.


Logg inn for å skrive en kommentar.