Slik ser dei ut, ultraløparane våre på Stranda!
Postet av Atle Jomar Hole den 13. aug 2026

Her ser vi Harald Berge Ringdal (lengst framme) og Hermann Furland ute i den lokale «jungelen».
Diverre fekk vi ikkje foto av Harald og Hermann under sjølve løpet. Men vi kontakta Frode Linga, som bur saman med søstera til Harald Ringdal, og dermed var vi berga. Harald Berge Ringdal opna relativt friskt, men sleppte seg så ned til Hermann, slik at dei heldt fylgje mykje av løpet. Mot slutten kom rutina til Harald til sin rett, slik at han i siste del av løpet tok seg opp frå kring ein 20.plass til plass nummer ti på resultatlista med 23.09.15. Hermann Furland debuterte i det ein kan kalle super-ultra med tida 24.29.16 og 19.plass.
Det eine fotoet er altså av Harald og Hermann ein eller stad ute i løypa. Det andre er av Harald og kameraten, Jørgen Wilthil, som vart nummer åtte i løpet på 20.52.49. Jørgen representerer Sturla Ultra.
Neste år satsar Harald Berge Ringdal på nytt på deltaking i Oslo-Bergen, der han hadde ei sterk plassering i 2025. Det betyr at det neppe vert deltaking i Stranda Fjord Trail Festival i 2027. Frode Linga melder at Harald tykte løypa var tøff, med nedfarta frå Tindeskarvatnet som den verste - i natte-mørket.
Velledalen IL si nettside er særs nøgde med innsatsen til både Harald og Hermann, og ekstra flott at dei tok godt vare på kvarandre undervegs!

Logg inn for å skrive en kommentar.