Stor interesse kring Førjulsmessa i Velledalen
Postet av Atle Jomar Hole den 20. aug 2026
Framleis ein del ledig, men når det gjeld store bord med vegg for oppheng bak, er alt reservert.
Førjulsmessa 2026 vert arrangert litt seinare enn kva som har vore normalt sist åra. Datoane i år er laurdag 21.november og sundag 22.november.
Påmeldingane opna 10.august, og alt mindre enn ti dagar etter var alle standar med store bord og vegg for oppheng bak, reservert.
Men det vert presisert at det framleis finst plassar, både store bord, mellomstore og små bord.
PÅMELDING: forjulsmesse@gmail.com
Meld frå om kva du vil selje, kor stor plass du treng og om du vil delta laurdag eller sundag, evt begge dagar
Logg inn for å skrive en kommentar.