Herdla Backyard Ultra: Hilmar og Malin stiller
Postet av Atle Jomar Hole den 1. sep 2026

Steinar Thorsen og Åse Maria Lien vert støtteapparat i eit hardtsatsande team.
Hilmar Kråkenes er mellom dei flinkaste til å halde VIL-Nettsida oppdatert om kva han til ei kvar tid tuskar med. Komande laurdag (5.sept) smell startskotet klokka 09.00 på Herdla. For drygt 300 påmelde. Det er Backyard Ultra, med «last man standing»-konsept. Same som i Svelvik tidleg i mai, der Hilmar heldt ut nest lengst. Nærare bestemt i 35 timar.
I tillegg til Hilmar, vert Malin Berge med som løpar. Støtteapparatet til det hardtsatsande teamet bestar av Steinar Thoren og Åse Maria Lien. Åse Marie var også med i Svelvik, medan Steinar er identisk med mannen som vart nummer tre i herreklassa under Stranda Fjord Trail Festival, 95 km. Ein kar som veit kva dette dreier seg om.
Sjå nøye på det flotte informasjons-oppsettet Hilmar har sendt VIL-Nettsida!
Og hald deg gjerne oppdatert gjennom helga, men det kan ta tid før Hilmar gjer seg nytte av «naudblinken»
Då er det løp igjen til helga. Her er noko informasjon om teamet mitt og løpet.
Team Sports Måløy
- Utøvar: Hilmar Kråkenes
- Støtteapparat: Steinar Thorsen og Åse Maria Lien
- Sponsor: https://www.sport-s.no/
- Min nettside: www.lettfot.no
- Nettside til løpet: https://www.herdlabackyard.no/
- Klubb: https://il-velledalen.idrettenonline.no/
På laurdag klokka 09:00 smeller det på Herdla. Backyard Ultra «last one standing». Konseptet er det same som i Svelvik 2.mai tidlegare i år (Hagemann Backyard Festival). Dei største forskjellane denne gongen er:
- Vi har fått eit lagnamn: Team Sports Måløy
- Eg har erfaring frå Svelvik (35 timar)
- Sterk ultraløpar er med i teamet: Steinar Thorsen
- Fleire møter og telefonsamtalar saman med Steinar Thorsen, der vi har laga matplan, utstyrsplan, gjennomføringsplan etc.
- Åse Maria er med, og ho har god erfaring frå Svelvik
- Mathias Hilmarsson er ikkje med i støtteapparatet denne gongen.
- Treninga har vore mykje betre utover hausten.
- Målet framover i Backyard Ultra verden er klart definert i teamet.
Eigentleg var planen å reise til Herdla Backyard Ultra utan støtteapparat. Eg ville kjenne på korleis det er å stå heilt aleine i «last one standing»-verda. Den erfaringa får eg ta ein annan gong.
For 20. august klokka 09:23 ringde Steinar Thorsen. Han hadde fått nyss om at eg ikkje skulle ha støtteapparat, og ville lufte ein idé: om han skulle vere støtteapparatet mitt på Herdla. Eg blei heilt mållaus. Sjølvsagt ville eg det.
Frå det augneblinke snudde heile innstillinga mi til løpet. Dei siste dagane blei det også klart at Åse Maria kunne vere med. Med eit støtteapparat endrar spelet seg totalt. Frå å ta løpet som det kjem, til å faktisk gå for å vinne løpet.
Eg kan ikkje garantere at eg vinn, men eg skal gjere mitt absolutt beste saman med Steinar og Åse Maria.
Og eg har ikkje gløymt deg Malin Berge. Med godt samarbeid ut i løypa, så skal vi holde ut lengst mogleg.

Malin Berge saman med Eldar Sindre Valkvæ i Ålesund maraton.
Logg inn for å skrive en kommentar.