TRIMPOSTANE VÅRE: Kan Reidar Fure greie 365 turar..?

Postet av Atle Jomar Hole den 1. sep 2026

 

Stod registrert med 321 turar i skogsvegen Straumsheim måndag 31.august klokka 15.00

 

Under Velledalen IL sin gjennomgang av stoda på dei ulike trimpostane, er det Reidar Fure som står registrert med det høgste talet, kring månaden føre sesong-slutt. Greier Reidar 34 turar siste månaden, vil han stogge på 365. Like mange turar på eitt år som eit normalår har dagar. Ein fin prestasjon, uansett om turen er lett eller ikkje!

 

STODA I SKOGSVEGEN STRAUMSHEIM, måndag 31.august klokka 15.03:

321 turar: Reidar Fure

251 turar: Einar Magne Fet

100 turar: Kåre Hunnes

  74 turar: Odd Kåre Borvik

  35 turar: Petter Hole Drabløs

 

Tredjeplasserte Kåre Hunnes døydde 17.mai. Slik at hans 100 turar er stort sett gjort i fyrste halvår av trimpost-sesongen, med siste tur i april. Kåre sin innsats dette siste halvåret, kan stå som framifrå eksempel på kva ein sjukdomsråka person kan klare, berre viljestyrken og pågangsmotet er til stade. Dei kosta nok desse siste turane, men han gjennomførte. Og slik nådde ein ryddig turvandrar eit ørlite delmål i sitt siste leveår.


Logg inn for å skrive en kommentar.