STERKT: Tomas Tandstad leverte 47.40 i Arnaløpet
Postet av Atle Jomar Hole den 1. sep 2026

Arkivfoto 2019
Kanonframgang frå sist han var i aksjon. Då vart det 1.55.26 halvmaraton.
Med 47.40 i det 10 km lange Arnaløpet, la Tomas Tandstad seg mellom Marita Bjørkelid Andreassen (47.18) og Alf Petter Bøe (48.10) på VIL-statistikken for 2026. Ein god stad og liggje. Frå før har vi kun ei notering på Tomas; nemleg 1.55.26 på halvmaraton, Bergen i april. Tomas må tydelegvis ha trena, for med 47.40 på 10 km, er han truleg god for under 1.50 på halvmaraton i dag.
Bergen er ein stor by. Ein by med løpsbølgje. Anna kan ein ikkje seie når Arnaløpet på ein måndag samlar 870 fullførande deltakarar. 10 km hadde 67 fullførande, og her vart Tomas nummer 28 av heile hurven. Han vart nummer 7 av 15 fullførande i klasse M 23-39.
Arnaløpet har ei svært så populær familieløype, med vinnartid på 9. 47 for herrar og 11.34 for jenter/kvinner. Altså i nærleiken av 3 km. Og det var i denne løypa dei store massane deltok. Uansett er 801 fullførande i denne løypa – på ein måndag – imponerande.
Logg inn for å skrive en kommentar.