«Kongemøte» under løpsmønstring i Trondheim

Postet av Atle Jomar Hole den 7. sep 2026

 

Det er nokre år sidan Alf Petter Bøe abdiserte som halvmaraton-konge i Rindal IL

 

To av 10 000. Tidlegare friidrettsleiar i Velledalen IL, Alf Petter Bøe, var sist helg i Trondheim. Av fleire grunnar. Dotter hans, Lovise Bøe, studerer i byen. Og når han fyrst var i trønder-hovudstaden, tok han seg like godt ein 10 km. Ein far-dotter-duell i lag med Lovise. Dei to einaste av kring 10 000 påmelde som representerte Velledalen IL. Prisverdig i seg sjølv.

 

RUTINE TRUMFAR ALT. Løpet gjekk fint. Og som planlagt. Eller….ikkje heilt. Lovise og Alf Petter hadde nok planlagt å gå likt over mål, med same tid og lik plassering. Noko dei også gjorde, i den grad dei fekk same tid. Men arrangøren (Nidelv IL) likte leike med teknologien, og plasserte Alf Petter på plassen føre Lovise på resultatlista. Det er vel dette somme kallar rutine i store felt. Og slik vann Alf Petter over Lovise denne gongen, om enn særdeles knapt.

 

KONGEMØTE. Når Alf Petter fyrst var i nord, nytta han høve til å treffe gamle kjende i Rindal IL. Ein gong, for nokre tiår sidan, var Alf Petter «halvmaraton-kongen» i klubben. Det har nettsida vorte fortalt. Såleis var det ikkje meir enn rett og rimeleg at bøfjordingen, som no har abdisert i Rindal IL, let seg fotografere saman med mannen som i 2026 sit på halvmaraton-trona i Rindal IL, Alexander Hofstad. Han kom inn på 3.plass totalt (på 1.11-talet), etter å ha «terrorisert» feltet med privat fartsleik i form av  drag på 4 X4 minutt med 1 km flytfart mellom, som trening til København halvmaraton om knappe to veker.

 

FØDSELSDAG.  Men la vi ikkje gløyme det viktigaste. I morgon, tysdag 8.september, fyller Alf Petter år. Då vert han 59. Frå nyttår spring han i klasse 60-64, om han i det heile tatt spring. Gjer han ikkje det, satsar han truleg trimpostar. Mykje skal gå gale, om ikkje AP Bøe vinn trimposten i skogsvegen Fet i sesongen som snart dreg sine siste andedrag. I morgon har han akkurat året på seg i høve til eigen 60 års dag. Det kan bli gjort justeringar, men per i dag ligg det an til ”medisterkak” og riskrem på menyen. Men han skal ikkje kjenne seg trygg; kan hende Velledalen IL vil ha eit ord med i laget.

 


Logg inn for å skrive en kommentar.