Deadline i natt
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Aug 2011
Namnet Konrad er på veg ut. Difor betalar Velledalen IL 1000 kroner til dei tre fyrste gutane som får namnet Konrad i Sykkylven i perioden 1.mai 2011 til 1.mai 2012. Det vart kunngjort under årets Konradløp.
Tre månadar har gått sidan sist Konradløp. INGEN ny Konrad er meldt inn. Og vi berre minner om det alle veit. Eit svangerskap er på ni månadar.
Er ikkje ”Konraden” alt laga, er tida no i ferd med å renne ut. Vi berre nemner det, som ei lita påminning.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024