Gull-Henrik vann lengde i UM
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2011

arkivfoto
I dag rungar jubelropa over Velledalen. Det er slekt og vener som jublar etter eit sterkt Ungdomsmeisterskap i Trondheim i helga for Henrik Holmberg
21-åringen satsar primært på mangekamp. I fylgje Sogn Avis på nett deltok Henrik i 60 meter hekk, 60 meter og 200 meter i tillegg til lengdehopp. Gullet kom i sistnemnde øving der han strekte seg til 6,31 meter. Då hadde han alt ein bronsemedalje i lomma etter 8,86 på 60 meter hekk.
60-meteren gjorde han unna på 7,39 og 200 meteren på 23,18. Tida på 200 meter er ny personleg rekord innandørs. Sterke tider utan at det heldt til medalje denne gongen.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024