Gratulerer V.I.L. – ny nettrekord i kveld !’
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Nov 2010
I kveld klokka 20.20 sette nettsida til Velledalen IL ny månadsrekord. Akkurat då passert vi den gamle frå februar 2010.
Den tidlegare rekorden lydde på 1948 treff. Fyrst ved midtnatt i kveld veit vi nøyaktig kva den nye blir, men vi greier nok ikkje 2000 denne månaden. Vi har ikkje hatt desiderte toppdagar, men jamnt høge besøkstal heile tida. Kunngjeringa av samanlagtlista på trimpostane har ganske sikkert spela inn.
Det tredje beste besøket på sida hadde vi i mai dette året, med 1909 treff.
Om vi samanliknar med november i 2009, er framgangen stor. For eitt år sidan hadde sida 1588 treff, så auken i prosent er solid
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024