Sterk NM-debut av Kenneth – sjå resultatlista
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mar 2010

Pappa Pål var "vraka" som skismørjar og erstatta av skikrinsen sitt støtteapparat. Det slo ikkje heldig ut, men Kenneth tok likevel ein fin 65. plass under NM 15 kilometer klassisk stil i Stryn. 127 løparar kom i mål i klasse G 18.
Kenneth sleit med dårleg gli på skia.
-
Irriterande å gå frå løparane i motbakkane for så å bli passert i unnakøyringane, sa Kenneth etter eit renn som likevel gav mykje læring.
Under Norgescuprennet på Hovden tidlegare i vinter vart Kenneth nummer 77. No gjekk han fram tolv plassar, trass større og tøffare deltaking – denne gongen var all dei beste i landet samla. Kos deg med resultatlista.her
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024