Oslo-helg med Velledalen IL – vi spring saman
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. sep 2026

Oslo Maraton-helga er over, og Velledalen IL-friidrett kan sjå tilbake på ei svært triveleg,
sosial og innhaldsrik helg i hovudstaden. Rundt 25 VIL-løparar frå Sunnmøre, Trondheim og
austlandsområdet var samla for å representere klubben på ulike distansar. Ei sprang
trippelen, mange sprang halvmaraton, medan ein del stilte på 10 for Grete.
Det vart ei helg med mykje løpeprat, forventningar, nervar, oppmuntring, pep-talk og ikkje
minst heiarop. For det er nettopp noko av det som kjenneteiknar VIL-løparane. Vi støttar
kvarandre, gir kvarandre ros og oppmuntrar kvarandre, både før, under og etter løpet. Og
ser vi ei VIL-trøye ute i løypa, ja, då skal det heiast. Gjerne høgt og tydeleg. Det skal også
helst takast bilete, for dette skal sjølvsagt forevigast. Ein veit aldri når ein kan få bruk for
dokumentasjon på at ein faktisk var der.
Nokre av deltakarane kom til Oslo allereie torsdag, medan dei fleste frå Sunnmøre kom
fredag. For oss som kom med fly, var det berre å få sjekka inn på hotellet og kome seg
vidare til Tøyen for å hente startnummer på årets Expo. Expoen var flytta til Tøyen på grunn
av gravferda til Kong Harald og stengde klokka 20.00, så her var det berre å halde tempoet
oppe. Startnummer skulle hentast, og i tillegg var det sjølvsagt mogleg å sikre seg både
snacks, drops, gels, klede og diverse anna løpeutstyr. Expoen er ein litt farleg stad dagen før
løp. Ein går inn for å hente startnummer og kjem gjerne ut med ting ein ikkje visste fanst –
og som ein plutseleg er heilt sikker på at ein ikkje kan gjennomføre løpet utan.
Laurdagen var den store løpsdagen. Først ut var Christina Holmberg, som skulle
gjennomføre trippelen. Maratonstarten gjekk klokka 09.00, og ein gjeng VIL-løparar var
sjølvsagt på plass for å få med seg starten og ønskje Christina lukke til på første etappe. Ho
hadde tross alt berre tre løp framfor seg. Vi andre kunne nøye oss med eitt.
For oss er det viktig å vere der det skjer. Vi ønskjer å støtte kvarandre og vere ein del av
løpsopplevinga, også når vi sjølve ikkje står på startstreken. Det er noko heilt spesielt med
dette miljøet. Vi møter folk vi kjenner godt, folk vi kjenner litt, og kanskje nokon vi møter for
første gong. Men når vi står saman i VIL-trøya, er det kort veg til både samtale, oppmuntring
og heiarop.
Etter maratonstarten var det ei stund til halvmaratonstarten klokka 13.00. Nokre rusla langs
løypa og Karl Johan, medan andre tok turen opp i Slottsparken. Der var den flotte
blomsterhagen til minne om Kong Harald absolutt verdt eit besøk.
Før halvmaratonstarten var det klart for det obligatoriske fellesbiletet utanfor Victoria Hotel i
Rosenkrantz' gate. Rundt 25 VIL-løparar stilte opp, og det var eit flott syn å sjå den store
gjengen samla midt i Oslo sentrum. Her var løparar med ulike mål, ulik form og ulike
ambisjonar, men alle med den same klubben i ryggen.
Etter kvart som halvmaratonløparane gjorde seg klare til start, var mange av VIL-løparane
som skulle springe 10 for Grete allereie ute i løypa. Dei heia, ropa, tok bilete og følgde med
på klubbkameratane som var i aksjon. Når ein først har fått på seg VIL-trøya, verkar det som
heiarop kjem ganske naturleg.
Det vart mange gode og motiverande heiarop langs løypa. Og når ein sjølv står ute på
asfalten og kjenner at beina byrjar å bli tunge, betyr det faktisk mykje å høyre eit kjent «Heia
VIL!» frå sida av løypa.
Når 10 for Grete-løparane skulle starte rundt klokka 16.30, vart rollene bytta. No var det
halvmaratonløparane som var ferdige med sitt løp, og dei som framleis følte seg spreke nok
til å stå på beina, gjekk ut i sentrum for å heie på 10 for Grete-gjengen.
Det vart på mange måtar ein stor VIL-stafett gjennom Oslo sentrum, der løparane heia
kvarandre fram gjennom dagen. Du heiar på meg, og eg heiar på deg. Slikt skaper
fellesskap, og det betyr mykje når kreftene byrjar å minke.
Og innsatsen stod det ikkje på. På halvmaraton vart det sett personlege rekordar, og mange
av VIL-løparane sette årsbeste på distansen. For ein av oss vart det også litt ekstra spesielt:
Same løype, same distanse og nøyaktig same sluttid som for to år sidan – 1.25.17. Berre éin
liten detalj var annleis: Det hadde gått to år sidan sist. Og sidan vedkomande heller ikkje ser
på klokka undervegs i løpet, må ein vel kunne seie at det var ganske godt timet – heilt utan å
vite tida undervegs. 😊
På 10 kilometer fekk vi også både nye personlege rekordar og løparar som gjennomførte sitt
første 10-kilometersløp i Oslo. Det viser at det vart gitt full innsats av alle – uansett nivå og
målsetjing. Her var det mykje å vere stolt av.
Og under ei slik helg blir det sjølvsagt også plass til nye titlar. Ei av dei meir uoffisielle, men
ikkje nødvendigvis mindre prestisjefylte utmerkingane, gjekk til «helga si store
negative-splitt-dronning». Slike titlar blir gjerne til heilt av seg sjølv når løpepraten går, og
kan fort bli ein del av VIL-historia. 😄
Vêret var stort sett på løparane si side under maraton og halvmaraton, medan 10 for
Grete-løparane fekk litt meir regn mot slutten. Men litt regn skremmer vel ikkje ein
sunnmøring. Vi er jo van med at vêrmeldinga meir er eit forslag enn ei garanti.
Etter løpa var det tid for middag og sosialt samvær. VIL-løparane fordelte seg på ulike
restaurantar rundt omkring i Oslo. Ein gjeng tok turen til Delicatessen på Aker Brygge,
medan andre hadde avtalt middag andre stader. Etter ein lang dag med løping, heiarop og
mykje aktivitet var det godt å setje seg ned, ete godt og senke skuldrane.
Seinare på kvelden samla mange av VIL-løparane seg til ein felles sosial prat i andre etasje
på Hotel Victoria. Her var det slutt på kilometertider, pulssoner og løpsstrategiar. No var det
viktigaste å prate, le og oppsummere dagen – og kanskje finne ut kvar alle hadde fått vondt.
For sjølv om vi reiste til Oslo for å springe, handlar slike helger om mykje meir enn sjølve
løpet. Det handlar om å møte gode klubbkameratar, bli kjend med nye folk, dele nervar før
start, få oppmuntring når ein treng det og heie andre fram. Det handlar om å glede seg over
andre sine prestasjonar, uansett om det er ein PB, ein årsbeste, ein første 10-kilometer eller
rett og slett ei god gjennomføring.
Det positive løpsmiljøet mellom VIL-løparane er noko heilt eige. Her er det rom for både den
som jagar sekund, den som prøver å gjennomføre sitt første løp, og den som kanskje ikkje
heilt veit kva målet er før startskotet går. Vi er ulike løparar, men vi klarer å glede oss over
kvarandre.
Søndagen kom, og etter kvart gjekk turen heimover for VIL-løparane på ulike tidspunkt.
Hotellrom vart rydda, bagasje pakka og kursen sett heimover – denne gongen utan
startnummer, men med medaljar, løpsminne og kanskje litt stive bein i bagasjen.
Vi VIL-løparar reiser heim stolte, godt nøgde, oppmuntra og veldig glade for å ha fått
oppleve ei Oslo-helg saman med ein flott, positiv og kjekk gjeng som representerer
Velledalen IL-friidrett.
Dette er absolutt ein flott gjeng å reise på tur saman med. Her er det plass til dei som spring
fort, dei som spring litt rolegare, dei som jagar tider og dei som først og fremst ønskjer gode
løpsopplevingar. Og ikkje minst er det plass til nye medlemmer, nye ansikt og nye
løpehistorier.
Kanskje blir vi endå fleire neste gong?
For i Velledalen IL-friidrett handlar det ikkje berre om sekund, kilometer og plasseringar. Det
handlar om løpeglede, fellesskap, oppmuntring, humor og gode opplevingar saman.
Vi spring kanskje kvar vårt løp, med våre eigne mål og våre eigne utfordringar – men vi
spring saman.
Takk for ei fantastisk Oslo-helg – og takk for fellesskapet!
Velledalen IL – saman er vi sterkare. ❤️💙
Per Inge Bjørnestad
Logg inn for å skrive en kommentar.