Bli med på Oktoberløpet til inntekt for Rosa sløyfe/kreftforeninga 10.oktober!
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. sep 2026
Laurdag den 10. oktober skjer det! Velledalen IL arrangerer Oktoberløpet i år òg. Start og mål utanfor Intersport i Sykkylven sentrum. Klarer vi Sykkylvsrekord i antall påmeldte i år? Ta med deg familie, vennar, naboar og kollegaar og bli med.
Før start blir det fengande oppvarming frå klokka 13: 45! Starttid for løpet er klokka 14.00. Løypa går som tidlegare frå startområdet og forbi det tidlegare legekontoret. Vidare turstien derifrå til Haugneset og gangvegen til Sandella og rundt fabrikken. På tur tilbake går løypa via Berlihaugen og ned igjen til det tidlegare legekontoret før ein går i mål att ved Intersport. Denne løypa er om lag 3 km. Om nokon vil ha ei lengre løype kan ein springe over brua og tilbake igjen i tillegg. Dette blir om lag 5 km. NB! Her blir det tidtaking for den som ynskjer. I år blir det felles løp for born og vaksne. Det er lov å snu før, om ein ynskjer ei kortare løype. I mål ventar uttrekkspremiar på startnummera frå Sykkylven handelsforening, fotograf Stefine Marie og diverse andre sponsorar.
Årets prisar: Born (til og med året dei fyller 17): kr. 100,- Vaksen : kr 300,-
Link til påmelding: https://rosa.satli.net/oktober_regm.html
Det vil bli mogleg å hente ut startnummer dagen før løpet mellom klokka 18 og 19. Du finn oss i dei gamle lokala til dyrebutikken, i Strandgata. Vi håpar at så mange som mogleg melder seg på i god tid før start, sånn at vi unngår lang ventetid og kø like før startskotet går. Laurdag er det mogleg å hente startnummeret sitt frå klokka 12 i dei gamle lokala til dyrebutikken, i Strandgata.
Alt av inntekter går direkte og uavkorta til Rosa Sløyfe/Kreftforeningen! Jo fleire som blir med, jo meir pengar kan vi støtte aksjonen med. Om ein ikkje kan delta på sjølve dagen, set vi pris på om du melder deg på for å vise di støtte. Hjelp oss å farge bygda rosa og skape stemning i sentrum! Kreative innslag i og langs løypa er absolutt lov. Dette er ein dag for å ha det kjekt i lag, skape liv og røre, gjere ein innsats som kan bety mykje for mange! Vi kjenner alle nokon som er ramma av kreft, både nære og fjerne.
Har du spørsmål, kan du gjerne ta kontakt med Anita Mosby Nakken, telefon 988 23 498
Logg inn for å skrive en kommentar.