Tja: Gratulasjonar på etterskot - betre enn ingen!

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. sep 2026

 

Såleis hyllar vi i dag jubilantar som har passert 100 år og 80 år

 

100 ÅR: VELLEDALEN BEDEHUS.

Konradløpet er ganske så svake på toalett-kapasitet i start- og målområdet. Men siste åra har vi fått hjelp av Velledalen Bedehus på området. Dei har halde huset sitt ope for trengande i samband med Konradløpet, noko Velledalen IL er særs takksame for. Og sidan dei ikkje har teke seg betalt for denne viktige tenesta, håper vi mange VIL-sympatisørar kan donere nokre kroner som kombinert toalettleige/jubileumsgåve. Vippsnummeret er: 60263. Og hugs: «Mange bekkar små, gjer ei stor Å»

Velledalen IL gratulerer Velledalen Bedehus med vel overstått 100 års markering!

 

80 ÅR: GRETHE JORUNN RAMSTAD FET.

For litt sidan passerte Grethe Fet 80 år. Ei dame som har markert seg på fleire felt i Velledalen IL. Ho er den kvinna i Velledalen som har flest positive idrettsmerkeprøver. Ein stad mellom 50-60. Og det er mykje, når nettsida kan fortelje at dette var ein «syssel» ein vanlegvis starta opp med i 17-20 års alderen. Vidare har Grethe hausta mange premiar som trimpostvinnar opp gjennom åra, og det var ikkje akkurat små doseringar ho la bak seg, heller. Og så har ho gjennom åra baka eit utal kaker til store og små samkomer/arrangement i Velledalen IL (og fleire andre lag). Sitt fyrste verv i Velledalen IL fekk ho så langt tilbake som i 1978. I trimgruppa, saman med Åge Johnsen, Elling Hole og Atle Hole.

Velledalen IL gratulerer Grethe med overstått 80 års dag!

 


Logg inn for å skrive en kommentar.