Slikt vert lagt merke til 2

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026

Sterke løp av Ulrik og Emil på 5 km i Straumgjerde

 

To unge gutar i Velledalen IL sin tropp leverte prestasjonar på godt nivå i går. Namna er Ulrik Rokseth Nordstrand i klasse M 11-12 og Emil Vikås i M 13-14:

ULRIK ROKSETH NORDSTRAND:

5 km er ein tøff distanse for ein gut i klasse M 11-12. Men Ulrik hadde gjort det før. Under Sørestrandmila i mai. Den gongen stogga klokka 25.05. I går stod det 26.september på kalendaren. Ulrik la i veg med frisk mot. Ved kryssing av mållina fekk ungguten notert tida 23.35 av EQ-timing. Nøyaktig  eitt minutt og 30 sekund framgang på knappe fire mnd. Dette er oppsiktvekkjande flott levert av Ulrik, og burde vere ein stimuli til å halde fram med denne fine hobbyen.

 

EMIL VIKÅS:

Emil er eit kjempetalent innan løp. Han deltek ikkje spesielt ofte, men 20.06 på 5 km er sterkt. Overført til Konradløp-tid (4,4 km), ville han truleg kome inn på 17.40-talet, som er svært sterkt levert av ein utøvar i klasse M 13-14. I Straumgjerde i går held han nær same fart som faren, Stian, heldt på sin 10 km (39.41). Dei to burde såleis vere ypperlege trenings-partnarar det komande året. Men Stian må nok «sjalte ned» og auke turtalet – i dobbel forstand – om han ikkje skal verte akterutsegla.

 

Nettsida håper vi ser meir til både Ulrik og Stian under den komande vinterkarusellen i Ålesund. Velledalen IL dekkjer all startkontingent til utøvarar på deira alder.


Logg inn for å skrive en kommentar.