Reidar Bremerthun: Meir enn ein skulelærar!

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. sep 2026

Reidar Bremerthun nr to f.v.

Han kom hit som lærar, men sette størst spor etter seg i dalens idrettsliv dei knappe seks åra han var her.

 

SKULELIV PÅ 60-TALET

Eg starta som elev på Velledalen skule med relativt friskt mot i august 1963. I fyrste klasse på heilt ny skule med åtte jenter og åtte gutar. Alle innfødde velledalingar. Ved utgangen av 1.klasse sommaren 1964 kunne ALLE lese. Ivar Bjørke var lærar. Ingen hadde diagnosar. Skuletida var måndag, onsdag og fredag frå 08.30-14.10. Ingen hadde gått i barnehage. Alle hadde vaksne (les mødre) som venta på oss då vi kom heim.

       På det meste i mine seks år ved skulen var vi 83 elevar. Alle med tilhald i Velledalen. Desse vart handtert av fire lærarar. Dette var den tida det var rimeleg å drive skule.

 

JOHAN NESET OG IVAR BJØRKE

Det smertar sjølvsagt ein eldre mann å høyre, at i dag kan over 30 prosent av norske gutar ikkje lese etter ni år på skulebenken. Johan Neset og Ivar Bjørke, som var krumtappane i mitt skuleliv på Dalemyra (august 1963 – juni 1969), hadde heller ikkje likt dette. Dei andre lærarane i tida mi på Dalemyra kan ein seie «kom og gjekk». Heller kortsiktige engasjement.

         Då eg byrja i 6.klasse, vart det «annonsert» at det skulle kome ein ny lærar. Ein ung mann, som skulle ta kroppsøvingsfaget ved skulen til nye høgder. Det vart vi i alle fall lova. Og det heldt stikk, då han endeleg kom, i oktober 1968. Neset og Bjørke sin litt militær-inspirerte linje-gymnastikk, vart skifta ut med nakkesprett på kasse, volleyball, stafettar og meir nymotens syslar. Rett nok hadde Johan Neset  vore på kurs og dreiv intenst med Jenka-dans i sine siste kroppsøvings-år. Det liva opp, i alle fall ein smule, mellom jentene. Gutane var litt meir lunka. Dans…? Men vi fullførte.

 

VART LAGKAMERATAR

Eg gjekk altså i 6.klasse då Reidar kom til Velledalen. Han installerte seg fyrst i Ramstad-huset om lag på grensa mellom Lade og Drotninghaug, før han sommaren 1969 flytta til ny «lærarbustad» på Hjorthol. På denne tida køyrde han ikkje bil, men nytta buss når han skulle flytte seg over lengre distansar.

     Buss tok vi også våren/sommaren 1969 då Reidar Bremerthun var «lagleiar» for Ole Josten Fet og Atle Hole som hadde kvalifisert seg for skule- trekampfinale på Aksla stadion. Tok rutegåande buss frå Velledalen til Volsdalen, gjekk derifrå til fots til Aksla stadion, gjorde unna sprinten, tre ballkast og like mange lengdehopp, før vi som fotgjengarar enda opp i litt meir sentrale strok av byen, før vi tok rutegåande buss heim. Alt i regnvêr. Ein dag læraren vår burde hatt dobbel lønn for. Noko han neppe fekk. Og ingen av oss tre på bytur, hadde på dette tidspunkt, peiling på at vi få år seinare skulle verte lagkameratar på VRF sitt A-lag. Ole Jostein og Reidar spela saman frå 1972, året etter var vi alle tre på same lag.

 

GODE VRF-ÅR

Reidar byrja altså trene fotball med VRF sitt A-lag etter han kom hit. Klubben hadde ein «down» i 1969, men hordalendingen fekk med seg tre av VRF sine aller beste år, nemleg i 1970, 1971 og 1972. KM-vinnar i 4 divisjon Sunnmøre i 1970, med siger 5-3 over Sunndal i avgjerande opprykkskamp på Sykkylven stadion. Vidare 3.plass i 3.divisjon (fylkesserie) både i 1971 og 1972. Vidare fekk han med seg baneopninga på Dalemyra i 1971, der VRF vann opningsturneringa med 1-0 siger over Hødd i finalen. Reidar Bremerthun fekk ofte ros i pressa som plasserings-sterk, offervilleg, og kompromisslaus midtstoppar. Ein typisk lagspelar. Førebilete for oss som var unge gutar og drøymde om ei framtid på VRF.

 

HADDE VORE VON I MINDRE.

Men VRF har alltid vore ein klubb som har vore kjende for å drive spelarane sine hardt. Heldig var den som BERRE var A-spelar. VRF-årsmeldinga for 1973 fortel fylgjande: Då finn ein at Reidar var langt meir. Han var oppmann og trenar for VRF sitt smågutelag, han var utsending til kretstinget og han sat i marknadsnemnda. Same år sat han i hovudstyret til Velledalen IL og han var formann i friidretts-gruppa.  29 år gamal, familiemann med kone og born. Finst her slike i dag…..?

         Synd å seie, men Reidar fekk ein særdeles tøff skule å gå etter han flytta til Velledalen. Frå fyrste stund «jakta» av Velledalen IL og VRF. Heilt i grenseland til rovdrift, særleg sidan det burde vere naturleg at hovud-satsingsområdet hans – og laga – burde vore at han sjølv presterte godt i aktiv idrett….? Alt på det fyrste årsmøtet etter han kom til bygda, fekk han plass i Velledalen IL sitt hovudstyret. Ein plass han hadde heile tida han var her. Ekstra ille vart det i 1973, nærare bestemt 9.desember. Reidar Bremerthun var sjølv ordstyrar på dette  årsmøte, og let seg velje både til formann og kasserer. Han hadde fire andre med seg i Hovudstyret, men det enda med at han i styret sitt konstituerings-møte, også tok sekretær-rolla. Altså ein trippel!

 

AVSKIL SOMMAREN 1974.

Kanskje visste han det alt på årsmøtet i 1973. At han skulle forlate Velledalen sommaren 1974. Men få – eller ingen – andre visste det. Årsmøtet i Velledalen IL vart halde ekstra tidleg dette året. Alt 29.september. Faktisk same dag som denne teksten er skriven, berre 52 år seinare.

Frå årsmøtet 29.september 1974 skriv Ole Petter Berge i møteboka:

  • Samanlikna med tidlegare årsmøte var frammøtet omtrent som ein kunne vente. I alt 24 røysteføre. I tillegg til dette talet var om lag 30 yngre medlemar til stade.

 

Seinare i  møteboka har Ole Petter Berge skrive, frå same årsmøtet, under «endringar i hovudstyret»:

  • Reidar Bremerthun, som ved førre årsmøte vart vald til formann, kasserar og skrivar, flytta for 2-3 månadar sidan til Os, og dåverande nestformann, Hallstein Ånes tok over formanns-stillinga for resten av perioden. Kaspar Fet kom ved same høvet inn som ny styremedlem.

 

Dermed var han fri. Fri dei tyngslene velledalingane la på skulelæraren sin sine skuldre i form av verv. Han bar mykje for desse to laga dei knappe seks åra han var her. Måtte historia om Reidar Bremerthun i Velledalen verte til lærdom for seinare slekter. Alt tyda på at han kosa seg her. Stort kontaktnett og gode vener. Men det hadde vore nok med halvparten. Han var interessert og kompetent, og vart «straffa» for det.

 

I dag held eg kontakta med Reidar Bremerthun gjennom «Norsk Tidend». Medlemsblad for Noregs Mållag. Det kjem fire gonger i året. Der blar eg opp på sidene «Målgåva». I alle nummer finn eg namnet hans under gjevarar frå Hordaland.

Så smiler eg til meg sjølv og tenkjer:

  • Du held koken, Reidar, og står på dine prinsipp. Eg likar å sjå det – i kvart nummer!

Ein god mann – meir enn ein A4-skulelærar!

 

 Reidar Bremerthun nr tre f.h.


Atle Jomar Hole


Logg inn for å skrive en kommentar.