Tøffing, han der Sverre Kjerpeset!
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. okt 2026

Sprang Stormyrdilten fem døgn etter Rauma Backyard Ultra.
Sist laurdag sprang altså Sverre Kjerpeset 80 km under Rauma Backyard Ultra. Han ikkje berre sprang, men han vann løpet! Fem døgn seinare var han mellom deltakarane under Stormyrdilten i Isfjorden. Eit løp på kring 4,6 km og 170 høgdemeter.
I ein kommentar til VIL-Nettsida skriv Sverre:
- Var skeptisk etter laurdagens backyard-løp om eg skulle starte. Men sjølvsagt likar eg støtte lokale løp. Måtte naturleg nok justere litt frå «normalen». Blei faktisk berre tre små sekund bak rekorden frå i fjor.
- Jaja, dei galne har det godt, sluttar vinnaren av Rauma Backyard Ultra 2026.
Logg inn for å skrive en kommentar.