Stor dag for Tomas Tandstad 3.okt 2026
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. okt 2026

arkivfoto
Vart onkel og sette ny pers på halvmaraton med over ti minutt på same dag.
Somme får både i pose og sekk. Laurdag 3.oktober 2026 vart ein slik dag for Tomas Tandstad. Men vi kan starte historia i april 2026:
Då debuterte Tomas Tandstad som halvmaraton-løpar i Bergen med tida 1.55.26. Knappe seks månadar seinare hadde han bestemt seg for å gjere løp nummer to, også det i Bergens-traktene, men ikkje i same løype som debuten. Men før han rakk kome seg på startstreken (10.30) den 3. oktober, hadde han vorte onkel til ein liten gut i Velledalen. Og med ei slik gladmelding gjekk også løpet lett. Han kryssa mållina på 1.45.09, ny personleg rekord med 10 minutt og 17 sekund – formidabelt! Rykta seier Hilmar Bjørkheim (før Kråkenes) har vore inne i ei rolle som rådgjevar!
Så vidt vi veit var dette berre Tomas sitt andre løp på distansen, men det var disponert som av ein garva løpar. Snittfart på 4.58 per km på fyrste 5 km, så 4,56-fart frå 5km til vending. Deretter 5.00-fart frå vending til 16 km, og 5,04 fart frå 16 km til «forvarsel» før målgong. Så har han hatt krefter att og «eksplodert» med 3,37-fart mellom «forvarsel» og mål. Noko som lovar godt.
Dermed kunne 39-åringen med identisk namn med bestefaren, mannen som er den eldste som har fullført Konradløpet, krysse mållina til smått sensasjonelle 1.45.09.
Det gav han desse plasseringane i storløpet i Sørfjorden med kring 1000 påmelde:
Nr. 82 i klasse M 35-39
Nr. 370 av alle menn
Nr. 432 totalt av alle deltakarar.
NB: Slike tal vert av og til justerte ettersom arrangøren får retta eventuelle feil i listene sine, men store justeringar vert der ikkje.
3.oktober 2026 – heilt sikkert ein strålande dag for Tomas Tandstad!
Logg inn for å skrive en kommentar.