Hilmar nærmar seg VM-plass
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. okt 2026

Har fått beskjed om at han er fyrste-reserve til Noregs lag den 17.oktober
Hilmar Bjørkheim (tidlegare Kråkenes) er Velledalen IL sin definitive topp innan Backyard Ultra. Men stadig fleire vert fasinerte av denne greina, og hittil i sesongen har desse VIL-utøvarane fullført Backyard Ultra på 12 rundar, 80,4 km , eller meir:
Hilmar Bjørkheim
Sofie Skylstad Hole
Malin Berge
Sverre Kjerpeset
Hermann Furland
NB! Vi veit ikkje om Harald Berge Ringdal har vore innom denne greina.
Backyard Ultra World Team Championship, som det heiter på fint, vert laurdag 17.oktober arrangert i løypa til Muruvik Backyard utanfor Trondheim. Det er 15 utøvarar på det norske laget som skal kjempe mot 70 andre landslag om å generere flest Backyard rundar. Noreg har gått frå å vere ein liten Backyard-nasjon, til å vere den største i Norden. Snittet på det norske laget er 45,4 rundar. Vi nemner at Hilmar sitt besteresultat er 35 rundar.
Hilmar har nyleg fått beskjed om at han er 1.reserve til norske laget, med spørsmål om han er klart til å hoppe inn ved sjukdom/skadar: Og vår mann har meldt tilbake at det er han. Han er KLAR! Mest som ein draum for Hilmar, som kan nå landslaget i lag-VM tidlegare enn han hadde tenkt seg. I så fall ein flott «premie»/minne frå ein sterk sesong i ei ny grein.
Velledalen IL held lesarane sine oppdaterte om utviklinga i denne saka fram mot start laurdag 17.oktober klokka 14.00
Logg inn for å skrive en kommentar.