Ny maraton-debutant frå Velledalen IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. okt 2026

                              Arkivfoto

 Denne gongen er det Marita Bjørkelid Andreassen sin tur – i Lisboa

 

Med løpet sitt i Lisboa vert Marita Bjørkelid Andreassen fjerde VIL-kvinne som spring heilmaraton etter landeveg i 2026. Tidlegare har Malin Berge, Christina Holmberg og Johanne Hjortdal gjort det. Løpet går laurdag 10. oktober, altså i Lisboa, Portugal.

 

Vi kan godt skjøne at det er knytt ikkje så reint lite spenning til løpet, når ein debuterer på distansen i ein alder på 54 år. Men dette vil Marita greie godt. Ho har 1.47.04 frå Oslo i år på den halve distansen, så nettsida vert ikkje overraska om ho kryssa mållina på under fire timar. Men sjølvsagt, mykje kan skje i ein debut i eit så langt løp.

 

VIL-nettsida ynskjer Marita alt godt på turen gjennom gatene i Lisboa.


Logg inn for å skrive en kommentar.