Haustrapport frå Sverre Kjerpeset
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. okt 2026
Han stiller på 5 km under Ålesund Vinterkarusell løp 1, sundag 8.november.
Sverre skriv fylgjande om planane sine for resten av sesongen, ein sesong som hittil har vore framgangsrik:
Hei, og takk for sist!
- No er backyard-løpa ferdige for i år. Eg byrjar sikte meg inn mot Ålesund Vinterkarusell. Fyrste mulegheit vert allereie sundag 8.november. Då tenkjer eg og «coachen» min trene oss mot 18-talet på 5 km. Løpet deretter (13.desember) spring eg 10 km. Der håper eg Hilmar vil stille som løps-hare, og kanskje er det muleg å springe under 40 minutt…?
Siste løpet vert Nyttårsmaraton (27.desember). I fjor brakk eg lilletåa. Håper verkeleg at kroppen spelar på lag fram mot dei tre siste løpa i 2026.
- Det å bytte til Velledalen IL har verkeleg gitt meg ein super motivasjon til å trene og jobbe mot nye løpsmål. Ein super-fin løpeklubb som eg har blitt veldig glad i.
- Vi løpes alle fine mennesker!
Og Sverre er alt påmeld på 5 km med start/mål i Fremmerholen sundag 8.november, saman med Ludvig With og Alf Petter Bøe. I fjor hadde Velledalen IL 16 utøvarar med i det fyrste løpet. Målet i år må i det minste vere å greie tosifra. Påmelding heilt fram til start på EQ-timing. Alt tyder på stor deltaking under opningsløpet der distansane er 5 km og 10 km.
Logg inn for å skrive en kommentar.