«Treningsleir»: Eldar Sindre i Tanzania
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. okt 2026
Verda er mindre enn før. Ein spring over alt, og uansett alder!
For 60-70 år sidan sprang ikkje folk over 40 år. lkkje utan det var heilt naudsynt. Gjerne nesten med livet som innsats, om dyr hadde brote seg ut eller i liknande høve. Slik er det ikkje lenger. Konrad Brunstad, Konradløpet og Velledalen IL med fleire, har vore pådrivarar for at også eldre menneske skal drive slik fysisk aktivitet. Bli sveitte av anna enn kroppsarbeid.
Eldar Sindre Valkvæ har etternamn frå Godøya. Han bur landleg i Ålesund kommune. For nokre år sidan leita han etter ny inspirasjon. Han såg etter alternativ; nokon han trudde kunne løfte han. Sportsleg, trenings-messig og sosialt. Valet fall på Velledalen IL.
I dag er Eldar Sindre mellom dei dyktigaste utøvarane i heile kongeriket i klasse M 65-69. På alle distansar frå 3 km til heilmaraton. På landeveg vel og merke. Førebels har han ikkje slege seg på baneløp. Planen var at han skulle gjere det heilt store under Hytteplanmila. Ein vidgjeten 10 km på Ringerike med 4500 påmelde. Då den store dagen kom, kjende Eldar Sindre i ein «kjenning». Ein «kjenning» er på idrettsspråket eit førevarsel på skade. Såpass alvorleg at han valde å stå over. Heilt sikkert fornuftig. Gjennom tida har han erfara at restitusjonen ikkje er like kjapp hjå 67-åringar som hos ein på 27. Difor veit Eldar Sindre at den seriøse delen av 2026-sesongen fort gjort kan vere over for hans del.
Men kvifor Tanzania…? Jau, Eldar Sindre har delt på Strava, at «ein person som står han nær», har vore misjonær i landet. No var det tid for gjensyn. Ei hending Eldar Sindre fekk vere med på. Difor gjer han no sine restitusjonsøkter i Aruska, Tanzania. Både når det gjeld styrke og forsiktig løp. Han ligg nemleg langt framme på treningsfronten. Har drive både med varmetrening og syslar få på eigen alder driv med.
Så vidt nettsida veit; er Eldar Sindre nesten åleine VIL-utøvar som har vore på «treningsleir» i Tanzania.
Det vil seie, vi går ut frå at kona, Ingrid Svensen, også er der. Ho er også VIL-utøvar, men ikkje like lett å spore.
Strava veit å få sagt det, men ikkje at Velledalen IL truleg har to i Tanzania
ELDAR SINDRE (67) SINE 2026-TIDER:
3 KM: 11.30 (Sørestrandmila, haust)
5 KM: 20.50 (Sommarkarusell 2, Ålesund)
10 KM: 41.25 (Gloppen, oktober)
HALVMARATON: 1.33.28 (Revetal,mai)
MARATON: 3.32.34 (Ålesund 6.juni)
Her skal det seiast:
Eldar Sindre har berre eitt heilmaraton i 2026. Her var han i ferd med å springe godt ned på 3.20-talet (lenge i parløp med Malin Berge), men mot slutten fekk han «kjenningar» både her og der, som gjorde at det vart som det vart.
Logg inn for å skrive en kommentar.