Grasrotkroner: Takk for 3049 kroner i oktober
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. nov 2026
102 givarar sytte for 3049 kroner inn i klubb-kassa i oktober månad
Stor, stor takk til alle våre 102 givarar! Ned frå 103 månaden før. Om det finst fleire der ute ein stad som vil donere grasrotkronene sine til Velledalen IL, set vi umåteleg pris på det.. Mest truleg vil året 2026 ende ein stad i overkant av 38 000 kroner. Mot 40 136 i 2025.
Oktober 2026 vart tredje svakaste månad hittil i 2026. Berre februar og august har vore svakare
Beste månad 2026: Mai med 3758 inn-kroner
Svakaste månad 2026: August med 2414
Talet givarar har i 2026 variert mellom 99-103, som er vesentleg betre enn i 2025, då det låg mellom 92-98.
Logg inn for å skrive en kommentar.